Snooker

Share

Sjølv om VM i snooker først blir ferdig i morgon, vil eg i kveld fortelje om det er har hatt som hovudsport på tv dei siste 16 dagane. VM i snooker går frå eit teater i Sheffield med plass til 1000 tilskodarar. Billettane vert lagde ut eit år på førehand, her må ein skaffe seg billett utan å ane kven som kjem til å spele den dagen ein er der.

Kvar dag blir teateret fylt opp tre gonger, klokka 10, 14.30 og 19 lokal tid. Det betyr at ein blir engasjert heile dagane når Eurosport viser kampane om ein vil få med seg alt. Så hekta er eg ikkje, men eg har fått med meg ganske mykje, for eg synest det er ein interessant sport og eg let meg meir enn ein gong forbløffa over det spelarane får til.

Sjølv har eg knapt spelt biljard, men det var eit bord på Nomeland bedehus som eg prøvde meg på nokre gonger like etter at eg kom til Valle. Det var alt anna enn lett.

Noko av grunnen til at eg let meg fascinere, er at det er ein stille sport. Det høyrest klappsalvar når ein spelar gjer eit godt støt, men elles er det heilt stille. Skulle ein mobiltelefon ringe i publikum, kan den uheldige bli vist ut. Samanlikna med fotballkampar sitt støyande publikum er den nydeleg å sjå ein sport der ein kan høyre kommentatorane utan all bakgrunnsstøyen.

I morgon går dei to siste delene av finalen. Då kjem eg nok til å vere klistra til skjermen det meste av tida.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *