Tour des Fjords

Share

I morgon startar Tour des Fjords på Lindesnes. Dei skal sykle til Grimstad, og ruta går forbi huset vårt, så har du lyst til å få deg ein fin plass for å sjå syklistane, er det bare på melde seg i Tregdeveien 285 i Mandal.

Dette sykkelrittet har ein spesiell tilknytning til Valle, for den aller første utgåva starta i Valle i august 2013. Heile bygda var på beina, kvelden før var det stort show i sentrum og mykje folk fekk kome på nært hald av stjernene frå den store verda med Thor Hushovd og Alexander Kristoff som dei største norske.

Eg laga artikkel på Setesdalswiki om hendinga, der hadde eg lista opp alle namna på deltakarane. Der står det også at lokal sponsing var på ein halv million kroner. Ein skulle få sending på TV til heile Europa. Vi som var der, hugsar at den sendinga vart det fint lite av, for då rittet starta, regna det slik at helikopteret ikkje fekk inn signala.

Etter ein tur rundt Homme kom dei att gjennom sentrum, ned Sagneskar. Der stod eg og venta i bilen for å få eit bilete av deltakarane på sykkel. Men dei kom så fort at eg fekk ikkje ned vinduet i regnet før dei var forbi, så det biletet fekk eg aldri. No lurer eg på om eg i finveret i morgon kan få eit bilete av hendinga her.

Men eg fryktar noko liknande vil skje, før eg får skimte dei på nettbrettet er dei forbi, kan hende vil det bare bli bilkortesjen etter syklistane eg får med meg. I 2013 la eg meg etter bilkortesjen, det var fredag og eg skulle heim til Mandal. Men eg tok dei ikkje att før på Sandnes, så fylgde eg etter dei til krysset på Nomeland. Der svinga dei opp bakkane mot Sirdal, eg heldt fram mot Evje.

I morgon skal eg ikkje kjøre etter kortesjen. Då skal eg gå inn og sjå på TV, det startar klokka 15.30 med Paasche og Kaggestad som kommentatorer, så det blir nokre timar med sykkelunderhaldning denne gongen.

Vonar arrangementet går utan uhell og at alle kjem vel fram.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *