Sentrumsfrukost i Valle

Share

Laurdag er det den årlege sentrumsfrukosten i Valle. Tysdag var Ørnulf Hasla innomi Valle Radio for å fortelje om arrangementet der sentrum i Valle vert sperra av, bord vert sette opp, og så kan alle kome og forsyne seg med frukost frå velfylte fat midt i gata.

I år er meldinga at det blir steikande sol også denne dagen, så då tippar eg at det blir folksamt, det er mange som nyttar hvet til å slå av ein prat med vener og treffe folk som er heime på ferie denne dagen.

I tillegg til det sosiale er det god underhaldning, trekkplasteret i år er Vetle frå Bykle, no slepp du å sjå han på TV, men kan høyre han livs levande (live, som dei seier på engelsk). Andre musikkinnslag er Vidar Frøysnes med band og Rolf Erik Homme. Om kvelden er det brusteinsball med Popnagel, framleis i eit avsperra sentrum.

Sentrumsfrukosten er ikkje så mykje marknad for tilreisande, men butikkane i sentrum har alltid gode tilbod. I år vil også biblioteket nytte høvet til å bli kvitt nokre bøker dei ikkje treng i det nye biblioteket. Det er lettare å flytte pengar enn bøker, så kvart sal er eit pluss i flyttesjauen.  Det kom fram i sendinga, men det hadde ikkje Ørnulf høyrt om, etter det eg skjøna.

 

Husandakt

Share

I tysdagssendinga i Valle Radio hadde Siri Johannessen funne fram eit 80 år gammalt opptak frå Bykle der Tarald Drengson Mosdøl hadde husandakt.

Det vart eit gløtt inn i ei tid som for lengst er forgangen, kan ein fort tenkje. Det starta med ei salme, den hadde mange vers og Tarald hadde god songrøyst. I Heimar og folk i Bykle står det at han kunne mange folketonar.

Etter det eg kunne skjøne, vart sjølve andakten lesen frå ei andaktsbok. Den var på reint bokmål, så at læraren og kyrkjesongaren sjølv hadde skrive dette, trur eg ikkje. Det kunne jo vore interessant å vite kva for ei bok og kven som var forfattaren, men då må kanskje Per Emaneuelsen høyre andakten, han har over tre hundre andaktsbøker i samlinga si.

Så vart husandakten avslutta med bøn og ei ny salme til slutt. Det kunne vore interessant å få vite meir om salmene også, dei var ikkje umiddelbart kjende, sjølv for ein 70-åring.

I dagens travle tid er det nok ikkje så mange som tek seg tid til ein husandakt lenger, ei les og ber heller i det stille for seg sjølv når det høver. Men det var godt å få eit slikt tidsbilete i Valle Radio.

Den Nye Oslo Trio

Share

I morgon kveld, onsdag 27. juni 2018, kjem Den Nye Oslo Trio til Valle kyrkje for å halde konsert. Gruppa består av tre svært dyktige musikarar, du kan lese meir om gruppa på Setesdalswiki. Dei skal spele mellom anna:

  • Per Winge: Trio i F-dur (op. 3)
  • Øistein Sommerfeldt: «Little Suite for Pianotrio» (op. 40)
  • Mikhail Glinka: «Trio Pathetique» (1827)

I kveldens Postludium fekk vi høyre desse stykka. Eg likte best stykket for firhendig orgel, men alt var fint, Niklos er flink til å finne interessant musikk.

  1. Johann Georg Alberchtsberger (1736-1809): Preludium og fuge for 4-hendig orgel. Hermann J. Busch og Wolfgang Metzler på orgelet i Evangelische St. Laurentiskirche
  2. Michael Haydn (1737-1806): Frå konsert i D-dur for basun og orkester: 2. del: «Menuett og Trio». 3. del Presto. Alain Trudel og Northern Sinfonia
  3. Luigi Cherubini (1760-1842): Sonata per l’organo e cilindro. Neithard Bethke på kororgelet i Ratzeburger Dom

Siste tysdag i juni 2018

Share

Denne gongen får du eit fyldig program takka vere Siri:

Tysdagssending i Valle Radio 20180626 er sida til programmet i Valle Radio tysdag 26. juni 2018Siri Johannessen var teknikar og programleiar.

  • Program
  • Vera Lynn: «Sailing» frå albumet Vera Lynn 100.
  • Billie Holiday: «Embraceable you» frå albumet The complete Commodore / Decca masters.
  • Benny Goodman, Teddy Wilson, Gene Krupa: «More than you know» frå albumet Trésors Benny Goodman.
  • Vera Lynn: «We’ll meet again» frå albumet Vera Lynn.
  • Dutch Swing College Band, Teddy Wilson: «On the sunny side of the street» frå albumet Back in time (1990 – 1945).

18.00 Programintro

18.15 Husandakt frå Byklum

18.30 Sangtimen

  • Jesper Krogedal – «Eg ville gjerne eiga ei tru» (1948) med Himmelhamn frå albumet Himmelhamn .
  • – «Eg er ein gjest i verda» med Sondre Bratland frå albumet Gjest i verda, utvalde songar.
  • – «Jeg er en gjest og fremmed» med Tonereise frå albumet Arven.
  • David – «Salme 23» med dMenighetsfakultetes Studentkor frå albumet Gå difor ut.
  • – «Eg veit i himmerik ei borg» med Sissel frå albumet Innerst i sjelen
  • –«Jag har hört om en stad» med Viktor Klimenko frå albumet Jag har hört om en stad.
  • – «Bakom stjernehimlens prakt» med Gerhard Fjelde frå albumet Gerhard Fjeldes beste – På gater av gull.
  • – «Hvor liflig å være en pilgrim» med Målfrid Marie frå albumet Salmeskatt.
  • – «Lord, I’m just a pilgrim» med the Country Gentlemen frå albumet Gloryland 2: Bluegrass gospel classics.
  • – «Så helt förlåter Gud» med Artur Eriksson frå albumet Kärlekens sång.
  • – «Himmelvogna» med Trond Granlund frå albumet Høyt, lavt og langt.
  • – «I himmelen» med Espen Samuelsen frå albumet Himmel.

19.30 Aktuell time

20.30 Postludium

– med Niklos K. Besteland og 1700-talsmusikk.

  1. Johann Georg Alberchtsberger (1736-1809): Preludium og fuge for 4-hendig orgel. Hermann J. Busch og Wolfgang Metzler på orgelet i Evangelische St. Laurentiskirche
  2. Michael Haydn (1737-1806): Frå konsert i D-dur for basun og orkester: 2. del: Menuett og Trio. 3. del Presto. Alain Trudel og Northern Sinfonia
  3. Luigi Cherubini (1760-1842): Sonata per l’organo e cilindro. Neithard Bethke på kororgelet i Ratxeburger Dom

21.00 Kyrkjebakken

Kva skjer komande veke?

  • Oslo Gospel Choir: «Velsignelsen» frå albumet Gloria

Eksterne lenker

Plutseleg

Share

Eg hadda planar om ein artikkel, men ville bare ha ein formiddagslur først. Då eg kom tilbake til datamaskinen, var plutseleg artikkel nr. 89 400 på plass, skriven av Geir Daasvatn, som eigentleg hadde planlagt ein tur med Bjoren i dag, men som rakk ein artikkel før han for ut.. Den handla om Haavardstad (Iveland gnr. 46).

Då eg så skulle skrive om det på såpekassen, viste det seg at eg hadde gløymt å skrive om då vi runda forrige hundretal. Det syner seg at vi brukte akkurat to månader på 200 nye artiklar, så farten har ikkje vore avskrekkande stor, sjølv om det er nok å skrive om i desse sommartider også.

Vi tenkjer ofte at det skjer ikkje så mykje om sommaren, men sjå no bare på dagen i dag, 24. juni 2018. I går kveld hadde vi ei hending, no er lista lang.

I dag tidleg var Setesdalswiki nede, klokka vart mest 11 før vi kom i gang att. Men då kom det ganske mykje. Etter kvart er det svært mykje å lese på Setesdalswiki, så du finn sikkert noko av interesse om du er interessert i liv og tilhøve i dei indre bygder av Agder.

Og plutseleg var heimen full av barnebarn som ville sjå fotballkamp. Etter fem-seks timars kjøretur frå Nittedal til Mandal, rakk dei akkurat kveldsmat før kampen starta.

Så sat vi der og såg på korleis Polen kjempa mot Colombia. Ved starten av kampen sa eg at om ein skal døme etter intensiteten i nasjonalsangen, vinn Colombia. Og plutseleg var det mål! Det vart heile tre mål før det var slutt.

Og plutseleg sa Reidun at Start hadde vunne 2-0 over Kristiansund.

Eg kunne sikkert halde på lenger, men sluttar no. Heilt plutseleg.

 

St. Hans og reker

Share

I dag kom det en sms fra naboen til Reidun. Naboen hadde kolleger på besøk i går og lurte på om vi ville komme på rest-reker i dag. Det ville vi jo gjerne. I morgen skulle de ha Kristiansand baptistmenighet på grill-samling, men i dag var det altså reker.

Jeg er ikke ekspert på rekepilling, det hadde vært fiasko å ha meg med i konkurransen på Skalldyrfestivalen, men verten var i samme klasse, han er også fra Rogalands innland, så vi var begge glade for å ha koner som kunne hjelpe til med pilling. Da kunne vi konsentrere oss om spising, det er vi derimot rimelig gode til.

Praten gikk om mangt og mye rundt bordet, selvsagt var det oppdatering om situasjonen for barna, men også om andre ting av felles interesse. Datteren Benedicte og hennes mann Wouter, begge musikere i Stavanger,  var med, så det ble jo litt musikkrelatert snakk.

Etter rekene var det jordbær og is, så årets St. Hansfeiring var nok av det bedre, selv uten bål. Verten Hans Kyllingstad gikk året etter meg på Sandnes gymnas, han hadde vært på 50-års markering i fjor, så vi kunne mimre litt om venner fra den tiden, det var jo ekstra hyggelig.

Takk for en hyggelig kveld!

Benedicte, Wouter og Elin

Innhogg i feriepengane

Share

Ein pensjonist får vel ikkje feriepengar, så eg las om ein journalist i Fædrelandsvennen som både fekk så store utgifter på bil og båt denne veka at feriepengang gjekk fort. Då tenkte egat det er ikkje noko problem for oss pensjonistar,

Men så hadde Reidun hatt eit hjul som ikkje var heilt i slag, så ho var innom på Gumpen Auto her i Mandal.

– Det tek vel ein time, eg set deg opp på torsdag, så får vi sjå, sa dei

Det tok tre timar, bremsekloss, kalipp, hus, eg veit ikkje kva alt var som stod på rekninga, som nærma seg sterkt 8000 kroner.

-Skal du betale med det same? spurte dei på verkstaden.

-Det er best å få det ut av systemet så fort som mogleg, sa Reidun.

Sjølv utan feriepengar.

 

Fødselsår

Share

Når ein skal skrive eit leksikon som Setesdalswiki og skal skrive om personar, er det minste ein må ha eit fødselsår. Det tenkjer i alle fall eg når eg sit her og leitar etter informasjon for å fylle ut røde lenker i leksikonet som no nærmar seg 89400 artiklar.

Lenge hadde ein høve til å leite i skattelister for å finne både fødselsdato og fødselsår. Så forsvann datoen, no er også nettstaden der eg kunne finne fødselsår for folk som var vaksne før 2008 borte.

Dermed måtte ein ut og leite andre stader, og birthday.se har vore god hjelp, men mange står heller ikkje der. Så bli eg sitjande å leite og tenkjer at eg nok skal finne det. Men det er slett ikkje alltid eg lukkast, for særleg kvinner er lite flinke til å oppgi fødselsår på Facebook, som visst er den siste nettstaden som framleis kan nyttast, Ein skal jo sende gratulasjoar der, det er etter det eg skjøner ein av dei mest populære funksjonane hos Facebook. Mange kommenterer at å feire bursdag har fått ein ny dimensjon med over hundre gratulasjonar på Facebook.

Om Setesdalswiki har full fødselsdato, vil namnet stå på framsida den dagen ein fyller år, og for mange er det ein grunn til å gå innom framsida på Setesdalswiki kvar morgon. Då ser ein også kva som er registrert av hendingar i dalen den aktuelle dagen.

Hjelp meg gjerne med å få på plass fødselsdato om det manglar. Om året manglar, vil som regel også personen mangle.

 

Innhaldsrik avis

Share

Dagens Setesdølen fortener nokre godord. Det er ikkje ofte eg kommenterer avisa eller oppslag i den, men i kveld høver det godt.

Det som får meg til å leite fram superlativ er oppslaget om kraftproduksjonen i Brokke Kraft og aktivitetane dei utløyser. Her fortel Ole Birger Lien fint om kva som ligg bak samleomgrepet Brokke. På 1980-talet var det arbeid til 700, no er det 57 att. Det tankevekkande, som ikkje er omtalt i artikkelen, er kor mange arbeidsplassar som kunne vore i Setesdal, men som er flytta til andre stader.

Elles var det morosamt at avisa hadde funne plass til ein konkurranse om kor godt ein kjenner Setesdal. Du kan svare på spørsmåla, kanskje ved hjelp frå Setesdalswiki, men du må kjøpe avisa for å få spørsmåla. Du får mykje for 20 kroner denne gongen.

Kulturlandskap

Share

Det er en stor glede at vi har en forpakter om holder kulturlandskapet rundt oss i hevd. Tor Arne Frivold slår jordene og høster gras, steller og fikser for best mulig produksjon.

Like nedenfor huset vårt har vi et jorde som blir kalt Fidja. Den er, som navnet sier, ganske våt, og da min svigerfar Nikolai slo med hest der, ville ikke hesten gå på det våteste, så der måtte han vel helst bruke ljå.

År om annet har det vært så vått at Fidja ikke har blitt slått, det er jo ikke så koselig, og om den ikke blir slått, vil kulturlandskapet gro til i løpet av noen år. I år har det vært så tørt at Tor Arne kunne komme med en større traktor enn han har brukt før. I løpet av en time var det nyslått og fugler koste seg i leting etter insekter i det nyslåtte graset. I skumringen i kveld var det også et rådyr som danset på nyslått mark,

Ôppna landskap er en verdi vi må ta vare på.