Program for Valle Radio

Share

Tysdag 12. juni er det igjen sending i Valle Radio. Den er variert og innhaldsrik, slik programma Siri Johannessen lagar dei. Difor er det fort at ein blir lyttande på dei sjølv om riksmedia gjer sitt beste for å fange interessa. Lokale saker er jo minst like viktige for folk flest. Og varierte lokale saker fenger mange, kanskje til og med så mange at ein kan ta ein pause frå Trump og kriminalitet og heller høyre på lokale og byggjande aktivitetar. Truleg vil gjestene hennar også føre til nye artiklar i Setesdalswiki, kombinasjonene mellom media er viktig for alle partar.

Her er programmet:

Tysdag 12. juni 
Ansvarleg og teknikar: Siri Johannessen
18.00 Programoversyn
18.05 Andakt ved Viggo Wilhelmsen

18.30 Sanghalvtime med Klangohalvtimen, ein prat med Viggo Wilhelmsen, og Inger Lise Stulien om den nye plata

19.30 Aktuell time med Grete Swahn om Bykle og Valle kunstlag, Ragnar Ringvoll frå Imf om Bibel og Naturcamp på Kvs-Bygland og rektor Else Margit Tveit om jubileet til Hylestad skule.
20.30 Postludium ved Siri Johannessen, Piet Kee og Herman van Vliet
21.00 Kyrkjebakken
Hylestad skule er 60 år i år

Rettedal og bjørnen

Share

Den kjende emissæren Thormod Rettedal var bondeson frå Høgsfjord i Ryfylke. Han vaks opp i ein vanleg bondeheim, der borni måtte ut og gjæta ganske unge. Han var åleine med kreturi i skog og mark og hadde nistetina med seg til heile dagen.

Ein dag han sat oppå fjellet var det eit stort svadberg, det var ei beinleid om han kunne fara ned der. Han sette seg på huk og let seg skrida nedover på treskoan. Men farten auka på, så han fæla. Då såg han ei brun tuva nedunder berget og styrde mot denne, så den kunne take av for støyten.

Men då han støytte mot tuva, reiste ho seg opp, det var ein bjørn som hadde teke seg ein lur i sola. Kven som blei mest forstøkt, er ikkje godt å seia, men dei tok kvar sin veg så fort dei kunne. Bjørnen trava i veg over myrane så spruten stod.

Denne soga fann eg i bladet Grannen, bygdeblad for Flekkefjord desember 1952