Grieg minutt for minutt

Share

I kveld vart det NRK 2 for meg. Der sender dei Grieg minutt for minutt, direktesending med levande musikk. Når eg skriv dette, er det opus 20,  Foran sydens kloster, som vert framført. Kor, orkester og solistar,

I det heile er det eit flott høve til å bli betre kjent med Griegs musikk, ikkje bare dei mest spelte verka hans. Det har slått meg i kveld at det er mange dyktige kvinner som spelar piano, for i løpet av sendinga har dei vore i fleirtal. Svært mange av dei hadde utanlandske namn. Men det er sikkert fint å ha på CV at ein har delteke på ein slik konsert, 30 timar med alle verka av Edvard Grieg.

Programmet vekslar mellom Troldhaugen og Grieghallen, men også frå Store Studio i Oslo. Alle stader var det gratis inngang for publikum denne kvelden og natta, og i alle fall i Grieghallen var det rimeleg fullt etter det ein kunne sjå. På Troldhaugen var det mykje folk utanfor då programmet starta.

Ei liste over alle verka finn ein på wikipedia, der det også er ei side om dette programmet. 

Truleg blir det sein leggetid i kveld.