Innhaldsrik avis

Share

Dagens Setesdølen fortener nokre godord. Det er ikkje ofte eg kommenterer avisa eller oppslag i den, men i kveld høver det godt.

Det som får meg til å leite fram superlativ er oppslaget om kraftproduksjonen i Brokke Kraft og aktivitetane dei utløyser. Her fortel Ole Birger Lien fint om kva som ligg bak samleomgrepet Brokke. På 1980-talet var det arbeid til 700, no er det 57 att. Det tankevekkande, som ikkje er omtalt i artikkelen, er kor mange arbeidsplassar som kunne vore i Setesdal, men som er flytta til andre stader.

Elles var det morosamt at avisa hadde funne plass til ein konkurranse om kor godt ein kjenner Setesdal. Du kan svare på spørsmåla, kanskje ved hjelp frå Setesdalswiki, men du må kjøpe avisa for å få spørsmåla. Du får mykje for 20 kroner denne gongen.