Fødselsår

Share

Når ein skal skrive eit leksikon som Setesdalswiki og skal skrive om personar, er det minste ein må ha eit fødselsår. Det tenkjer i alle fall eg når eg sit her og leitar etter informasjon for å fylle ut røde lenker i leksikonet som no nærmar seg 89400 artiklar.

Lenge hadde ein høve til å leite i skattelister for å finne både fødselsdato og fødselsår. Så forsvann datoen, no er også nettstaden der eg kunne finne fødselsår for folk som var vaksne før 2008 borte.

Dermed måtte ein ut og leite andre stader, og birthday.se har vore god hjelp, men mange står heller ikkje der. Så bli eg sitjande å leite og tenkjer at eg nok skal finne det. Men det er slett ikkje alltid eg lukkast, for særleg kvinner er lite flinke til å oppgi fødselsår på Facebook, som visst er den siste nettstaden som framleis kan nyttast, Ein skal jo sende gratulasjoar der, det er etter det eg skjøner ein av dei mest populære funksjonane hos Facebook. Mange kommenterer at å feire bursdag har fått ein ny dimensjon med over hundre gratulasjonar på Facebook.

Om Setesdalswiki har full fødselsdato, vil namnet stå på framsida den dagen ein fyller år, og for mange er det ein grunn til å gå innom framsida på Setesdalswiki kvar morgon. Då ser ein også kva som er registrert av hendingar i dalen den aktuelle dagen.

Hjelp meg gjerne med å få på plass fødselsdato om det manglar. Om året manglar, vil som regel også personen mangle.