Innhogg i feriepengane

Share

Ein pensjonist får vel ikkje feriepengar, så eg las om ein journalist i Fædrelandsvennen som både fekk så store utgifter på bil og båt denne veka at feriepengang gjekk fort. Då tenkte egat det er ikkje noko problem for oss pensjonistar,

Men så hadde Reidun hatt eit hjul som ikkje var heilt i slag, så ho var innom på Gumpen Auto her i Mandal.

– Det tek vel ein time, eg set deg opp på torsdag, så får vi sjå, sa dei

Det tok tre timar, bremsekloss, kalipp, hus, eg veit ikkje kva alt var som stod på rekninga, som nærma seg sterkt 8000 kroner.

-Skal du betale med det same? spurte dei på verkstaden.

-Det er best å få det ut av systemet så fort som mogleg, sa Reidun.

Sjølv utan feriepengar.