Plutseleg

Share

Eg hadda planar om ein artikkel, men ville bare ha ein formiddagslur først. Då eg kom tilbake til datamaskinen, var plutseleg artikkel nr. 89 400 på plass, skriven av Geir Daasvatn, som eigentleg hadde planlagt ein tur med Bjoren i dag, men som rakk ein artikkel før han for ut.. Den handla om Haavardstad (Iveland gnr. 46).

Då eg så skulle skrive om det på såpekassen, viste det seg at eg hadde gløymt å skrive om då vi runda forrige hundretal. Det syner seg at vi brukte akkurat to månader på 200 nye artiklar, så farten har ikkje vore avskrekkande stor, sjølv om det er nok å skrive om i desse sommartider også.

Vi tenkjer ofte at det skjer ikkje så mykje om sommaren, men sjå no bare på dagen i dag, 24. juni 2018. I går kveld hadde vi ei hending, no er lista lang.

I dag tidleg var Setesdalswiki nede, klokka vart mest 11 før vi kom i gang att. Men då kom det ganske mykje. Etter kvart er det svært mykje å lese på Setesdalswiki, så du finn sikkert noko av interesse om du er interessert i liv og tilhøve i dei indre bygder av Agder.

Og plutseleg var heimen full av barnebarn som ville sjå fotballkamp. Etter fem-seks timars kjøretur frå Nittedal til Mandal, rakk dei akkurat kveldsmat før kampen starta.

Så sat vi der og såg på korleis Polen kjempa mot Colombia. Ved starten av kampen sa eg at om ein skal døme etter intensiteten i nasjonalsangen, vinn Colombia. Og plutseleg var det mål! Det vart heile tre mål før det var slutt.

Og plutseleg sa Reidun at Start hadde vunne 2-0 over Kristiansund.

Eg kunne sikkert halde på lenger, men sluttar no. Heilt plutseleg.