I morgon kveld, onsdag 27. juni 2018, kjem Den Nye Oslo Trio til Valle kyrkje for å halde konsert. Gruppa består av tre svært dyktige musikarar, du kan lese meir om gruppa på Setesdalswiki. Dei skal spele mellom anna:
- Per Winge: Trio i F-dur (op. 3)
- Øistein Sommerfeldt: «Little Suite for Pianotrio» (op. 40)
- Mikhail Glinka: «Trio Pathetique» (1827)
I kveldens Postludium fekk vi høyre desse stykka. Eg likte best stykket for firhendig orgel, men alt var fint, Niklos er flink til å finne interessant musikk.
- Johann Georg Alberchtsberger (1736-1809): Preludium og fuge for 4-hendig orgel. Hermann J. Busch og Wolfgang Metzler på orgelet i Evangelische St. Laurentiskirche
- Michael Haydn (1737-1806): Frå konsert i D-dur for basun og orkester: 2. del: «Menuett og Trio». 3. del Presto. Alain Trudel og Northern Sinfonia
- Luigi Cherubini (1760-1842): Sonata per l’organo e cilindro. Neithard Bethke på kororgelet i Ratzeburger Dom