Husandakt

Share

I tysdagssendinga i Valle Radio hadde Siri Johannessen funne fram eit 80 år gammalt opptak frå Bykle der Tarald Drengson Mosdøl hadde husandakt.

Det vart eit gløtt inn i ei tid som for lengst er forgangen, kan ein fort tenkje. Det starta med ei salme, den hadde mange vers og Tarald hadde god songrøyst. I Heimar og folk i Bykle står det at han kunne mange folketonar.

Etter det eg kunne skjøne, vart sjølve andakten lesen frå ei andaktsbok. Den var på reint bokmål, så at læraren og kyrkjesongaren sjølv hadde skrive dette, trur eg ikkje. Det kunne jo vore interessant å vite kva for ei bok og kven som var forfattaren, men då må kanskje Per Emaneuelsen høyre andakten, han har over tre hundre andaktsbøker i samlinga si.

Så vart husandakten avslutta med bøn og ei ny salme til slutt. Det kunne vore interessant å få vite meir om salmene også, dei var ikkje umiddelbart kjende, sjølv for ein 70-åring.

I dagens travle tid er det nok ikkje så mange som tek seg tid til ein husandakt lenger, ei les og ber heller i det stille for seg sjølv når det høver. Men det var godt å få eit slikt tidsbilete i Valle Radio.