Sentrumsfrukost i Valle

Share

Laurdag er det den årlege sentrumsfrukosten i Valle. Tysdag var Ørnulf Hasla innomi Valle Radio for å fortelje om arrangementet der sentrum i Valle vert sperra av, bord vert sette opp, og så kan alle kome og forsyne seg med frukost frå velfylte fat midt i gata.

I år er meldinga at det blir steikande sol også denne dagen, så då tippar eg at det blir folksamt, det er mange som nyttar hvet til å slå av ein prat med vener og treffe folk som er heime på ferie denne dagen.

I tillegg til det sosiale er det god underhaldning, trekkplasteret i år er Vetle frå Bykle, no slepp du å sjå han på TV, men kan høyre han livs levande (live, som dei seier på engelsk). Andre musikkinnslag er Vidar Frøysnes med band og Rolf Erik Homme. Om kvelden er det brusteinsball med Popnagel, framleis i eit avsperra sentrum.

Sentrumsfrukosten er ikkje så mykje marknad for tilreisande, men butikkane i sentrum har alltid gode tilbod. I år vil også biblioteket nytte høvet til å bli kvitt nokre bøker dei ikkje treng i det nye biblioteket. Det er lettare å flytte pengar enn bøker, så kvart sal er eit pluss i flyttesjauen.  Det kom fram i sendinga, men det hadde ikkje Ørnulf høyrt om, etter det eg skjøna.