Rettedal og bjørnen

Share

Den kjende emissæren Thormod Rettedal var bondeson frå Høgsfjord i Ryfylke. Han vaks opp i ein vanleg bondeheim, der borni måtte ut og gjæta ganske unge. Han var åleine med kreturi i skog og mark og hadde nistetina med seg til heile dagen.

Ein dag han sat oppå fjellet var det eit stort svadberg, det var ei beinleid om han kunne fara ned der. Han sette seg på huk og let seg skrida nedover på treskoan. Men farten auka på, så han fæla. Då såg han ei brun tuva nedunder berget og styrde mot denne, så den kunne take av for støyten.

Men då han støytte mot tuva, reiste ho seg opp, det var ein bjørn som hadde teke seg ein lur i sola. Kven som blei mest forstøkt, er ikkje godt å seia, men dei tok kvar sin veg så fort dei kunne. Bjørnen trava i veg over myrane så spruten stod.

Denne soga fann eg i bladet Grannen, bygdeblad for Flekkefjord desember 1952

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *