Meir respons

Share

Etter at eg i går fortalde om trongen for samtykke, har det kome mange reaksjonar på Facebook. Mange har likt bloggen, ein del har også kommentert med at dei gir samtykke.

Setesdalswiki har om lag 1800 personbiografiar, til no har 35 gitt samtykke som følge av bloggen. Vi har altså ein stor jobb før vi har fått samtykke frå alle. Truleg er det heller ikkje mogleg.

Setesdalswiki har mål om å lage artiklar ikkje bare om innbyggarar i Setesdal, men også folk som er innom som foredragshaldarar i ulike samanhengar eller har andre roller. Om dei er nasjonalt kjent og difor har artiklar på Wikipedia, lagar eg kan hende likevel artikkel her for å markere at dei var her og kva dei gjorde. Det gjeld til dømes foredragshaldarar på Setesdalskonferansen.

Til og med Dronning Sonja har fått artikkel, ho opna Setesdalsmuseet. Sjølve hendinga har eg ikkje så mykje om, men det var jo ei storhending å få kongebesøk, så hadde Setesdalswiki vore i aktivitet då, hadde også hendinga blitt del av stoffet vårt.

Eg ser jo ikkje for meg at eg skal skrive til Dronning Sonja for å få samtykke, så anten må eg slette artikkelen, eller så må leksikonet vårt definerast på ein annan måte. Det får tida vise korleis vi kjem ut. No er det tre dagar til den nye loven tek til å gjelde.