Trøbbel

Share

Av og til kjem Setesdalswiki i trøbbel. Det skjedde i dag tidleg, litt før klokka fem. Då stoppa det heile opp, så verken bloggen eller leksikonet fungerte då vi vakna og skulle sjekke dagens framside.

Sist det skjedde var i jula, då var nettstaden nede i fleire dagar, heilt til over nyttår, då Helge kom tilbake til Oslo og fekk fikse problemet. Denne gongen var han også her i Mandal. Mmed ei heil veke att av ferien, fann vi ut at han kanskje måtte ta turen inn for å få serveren i gang att, eller kva det no var som var problemet.

Turen gjekk greitt og etter vel 13 timar var det igjen mogleg å lese om hendingar og folk i Setesdal på nettstaden. Hendinga syner igjen på statistikken, i dag var det bare 330 besøk medan det i går var over 1200.

Vi reflekterte litt over situasjonen og kom til at vi truleg bør finne ein ekstern plass å ha Setesdalswiki slik at nettstaden kan vere oppe døgnet rundt/ året rundt, 24/7 som dei kallar det. Til no har vi ikkje hatt utgifter, men om vi gjer det, vil det nok koste noko. Vi får sjå korleis det går, det var i alle fall fint at det fungerer igjen no.