Orgelkommentar

Share

I kveld dukka det opp ein kommentar om Venheim Orgelbyggeri på Facebook. Eg hugsar Nils Arne Venheim frå Bykle gamle kyrkje, trur eg det var, men eg var ikkje klar over at han hadde bygd orgel både i den nye kyrkja i Bykle og i Fjellgardane kyrkje.

Etter å ha leita litt rund om, fann eg ein artikkel på Internett om firmaet, han døydde i 2014, og han dreiv aleine, så no er firmaet oppløyst. Men det førte til at eg laga ein artikkel om firmaet på Setesdalswiki, så kan ein sjå den samanhengen instrumenta i Bykle står i.

Sjølvsagt burde eg gjort det same med heile orgel-landskapet i Setesdal, det er jo mange fine instrument, nye er dei også. Særleg er det viktig når ein skal ha ein ny medarbeidar i kyrkja i Bykle, Valle og Hylestad. Det er ikkje så lett å få nokon, ser det ut til. Men informasjon om instrumenta og kan hjelpe til at nokon finn ut at dei vil ta jobben.

Kan hende skriv eg litt om orgelbyggjaren også, han var jo ofte i Setesdal.

Orgelet i Bykle kyrkje. Foto: Karin Bøe