Folk i nær fortid

Share

I dag tok eg meg på tak og skreiv inn resten av namna i oversikten over folk som døydde  i Evje, Hornnes, Iveland og Bygland frå 19. april 1978 til 19. desember 1978.  I alt er det 62 namn.

Dei fleste namna har eg ikkje artikkel på enno. Eg kunne sjølvsagt laga ein artikkel med fødselsdato og dødsdato, men eg vil helst ha litt meir kjøt på artikkelen, så om eg finn ektefelle eller foreldre, så hjelper det, då kan eg opprette artikkel, tenkjer eg.

Det er imidlertid ikkje lett å finne informasjon om folk i nær fortid. Dette var før Internettet si tid, så ein må i trykte media for å finne noko. Diverre hadde eg ikkje Setesdølen for 1978, så eg kan ikkje leite der heller.

Eg har prøvd å finne noko i Norges Bebyggelse, men eg har ikkje boka sjølv, så eg må leite på nettet, og det er ikkje så lett å finne noko der heller. Men eg får prøve.

Dersom du veit noko om ein av dei som er på lista, hadde eg vore takksam for informasjon, anten i epost eller på facebook.

Eg skreiv artiklar om Ragnvald Lian og kona og ein son i dag. Då nytta eg gravsteinen som bilete. Her er den:

Foto: Torbjørn Leifsen