Begeistring

Share

Ein kan ikkje anna enn å glede seg over avslutninga på Tour de France i dag. Endeleg fekk vi ein norsk vinnar, og det på siste etappen, på sjølvaste Champs Elysees. Sjølvsagt var Alexander Kristoff lykkeleg, og begeistringa i kommentatorboksen var det heller ikkje noko å seie på. Det smitta heilt heim i stova mi og sikkert i tusen andre heimar.

Eg har fått med meg dei fleste etappane av årets sykkelritt i Frankrike. Dei har vore velsigna med godt ver på det meste av turen, likevel har det vore uhell og mange måtte bryte løpet. Men dei tre norsk deltakarane kom seg heilt til Paris og med norsk vinnar var begeistringa stor.

I år hadde TV2 fått med Tor Hushovd på laget. Det var ein stor styrke. Etter kvart som han vart varm i trøya, var han ein stor ressurs for dei som skulle lage program. Han kjenner dei fleste strekningane frå eiga sykling ikkje så langt tilbake i tid. Han vann og i Paris, det var eit høgdepunkt i karrieren, akkurat som det nok blir for Kristoff.

Å lage god underhaldning av så lange sendingar som eit slikt sykkelritt er, må vere krevande. I år sendte dei heile etappane, ikkje bare dei siste timane, så kravet til å halde oppe interessen var større enn før. Men dei samla ressursane klarte det fint og vi kan gode seie Chapeau og takk for innsatsen.

Eg brukar mitt sykkelbilde om att i kveld.

Tour des Fjords 2018 forbi huset vårt.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *