Full krise

Share

Full krise var tittelen på hovudoppslaget i Setesdølen i dag om turkesommaren. Bøndene vatnar så godt dei kan om dei har høve til slikt, men grasproduksjonen har stoppa heilt. Tysdag var det møte om situasjonen på Evjemoen kino og 300 bønder frå heile Agder møtte opp.

I det lengste hadde ein håpt at ein likevel skulle unngå skogbrann i den knusktørre skogen, men i dag kom det tordenbyger som tente 30 brannar på Agder. Etter det eg fekk med meg, var 11 av dei i Setesdal, så eg reknar med at brannsjefen nok opplever det som full krise. Brannane starta på stader som mest bare kan nåast med helikopter, så han hadde tinga to helikopter og kunne godt hatt fleire. Også Sivilforsvaret var kalla ut.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *