Respons

Share

Etter at eg i går skreiv om samtykke-problematikken, fekk eg nokså omgåande respons frå fleire som ga sitt samtykke gjennom melding på Setesdalswiki si Facebookside. Det tyder på at det er nokon som les bloggen min, noko eg jo for så vidt visste, for det kjem gjerne ein Liker eller tre når eg har skrive noko folk set pris på.

Det beste hadde jo vore om folk kom til meg med slike meldingar utan at eg kontakta dei, då sparte ein både tid og bry. Men eg reknar nok med at det må ein del oppsøkande aktivitet til om vi skal få samtykke frå dei mange som vi har artiklar om på Setesdalswiki.

I går skreiv eg om omgrepet offentleg person og at det ikkje er lett å seie kva det er. Eg trudde det var det motsette av privat person, men i dag fekk eg vite at det motsette av privat person ikkje er offentleg person, men juridisk person. Juridisk person kan vere eit firma eller ein organisasjon, noko ein kan saksøke, men som ikkje er ein privat person. Det forklarar kvifor ingen har hatt nokon definisjon på offentleg person.

Etter kvart får vi sjå om Datatilsynet vil akseptere at Setesdalswiki er eit litterært og journalistisk produkt.  Det er i alle fall mi meining at vi er, sakprosa er litteratur og leksikon er ein sjanger innan sakprosa. Med våre lister over hendingar i regionen vil vi også falle inn under omgrepet journalistikk. Journalistikk er arbeidet med å dokumentere hendelser i samtiden, og produktet av denne prosessen, heiter det på wikipedia.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *