Setesdal i media

Share

I dag, torsdag 5. juli, var Setesdal meir i media enn vanleg. I kveld var det reprise på programmet om Via ferrata på Straume og igjen fekk vi sjå Noi frå Thailand klatre opp den bratte fjellveggen.

Det var jo ein kontrast til hendingane i heimlandet hennar, der kjempar ein for livet til fotballguttane og trenaren deira. Dette har høg prioritet i nyhetsmedia no.

Men også VG var innom Setesdal i dag. Sian O’Hara hadde laga ein reportasje over tre sider om badeplassar i Setesdal. Eg måtte skaffe meg avisa og lese kva han skreiv, og det verka som Sines på vestsida av Byglandsfjorden var favoritten. Men Rakkeneset kom også høgt. Heile ti plassar var nemnde, det var truleg grunnlag for å lage ei liste på Setesdalswiki etter kvart.

I artikkelen har han teke med badeplassar i alle kommunane, frå Hovden til Hornnes. Hegni, Storetjønn, Otra sør for Bykle kyrkje, Honnevje, Marhyl, kulpane i Brokke, (dei blei nyleg kåra til å vere noko av det beste i landet ) Byglandsfjorden ved Reiårsfossen, Dalebukta, Sines, Tangen, Rakkeneset, Almedalstranda, Varpestraum, ved Furuly, Høvringen, Storøygardsvatnet, Hornnestangen, Vrålsås, Stemmen i Dåsvassdalen og Evjekilen.

Litt av ein jobb om  ein skal prøve alle!

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *