Undring

Share

I kveld sit eg og undrar meg over korleis eg skal løyse ei sak eg har fått etter at eg ba om samtykke til å ha artiklar om folk på Setesdalswiki.

Eg har fått samtykke frå fleire personar som eg ikkje har artikkel om. Eg kunne lage eit par artiklar fordi eg fann nok informasjon til desse. Eg likar å ha med i det minste fødselsår i artiklane, så når eg ikkje finn det. slit eg med å få det til å fungere.

Dersom du har gitt samtykke og har opplysningar som du vil ha inn i artikkelen om deg, kan du sende dei til meg på Facebook, eller du kan nytte eposten min. Så kan det bli fleire artiklar.

I mellomtida har vi nok å gjere med å skrive om fjell og dalar og anna, men produksjonen er ikkje så stor i sommarvarmen. Det vert kan hende betre seinare på året når sola ikkje steikar så veldig.

Og så må vi få på plass eit svar til Datatilsynet i god tid før fristen.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *