Litt statistikk

Share

I juli hadde Setesdalswiki 13433 unike gjester. Med eit snitt på 688 kvar dag vart det til saman 21352 besøk, og dei såg på til saman  178944 sider, noko som gir eit snitt på 5772 sider kvar dag.

Desse tala er dei høgaste vi har hatt til no i år. Heller ikkje tidlegare år har vi hatt så høge tal. Og det skjer i den varmaste månaden i moderne tid, ein skulle kan hende då tenkje at folk hadde anna å gjere enn å leite etter informasjon på Setesdalswiki.

Eg er frimodig nok til å ta det som eit teikn på at vi fyller eit behov. Det er mange som vil skaffe seg informasjon om Indre Agder generelt og Setesdal spesielt og dei har ikkje noko betre alternativ.

Med Datatilsynet sitt krav om samtykke frå personar som er omtalt, har vi langt att før vi tilfredsstiller det kravet. Men vi held fram med å skrive om levande og døde så vel som hendingar, stader og anna som er relevant for regionen. Men vi treng framleis samtykke, så skriv gjerne ditt samtykke under denne posten også.

Og gled deg over det vi har laga saman i desse åra.