Døde eller levande?

Share

Medan Setesdalswiki til no har vore sterkt innretta på levande folk, lurer eg på om vi heller må innrette oss på døde folk om Datatilsynet vinn fram med sitt krav om at vi må ha samtykke frå personar vi skriv om.

Når det gjeld døde personar, er det fritt fram, men det er eit problem at ein ikkje kan finne så mykje informasjon når ein person er gått bort. Dette syner seg mellom anna i lista over Folk i nær fortid som Terje Abusdal hadde i Setesdølen for nokre veker sidan. Han var forresten lova at dei andre namna skulle kome i ei seinare avis, men no har sommaren gått utan at dei kom, så eg sendte han ein epost og fekk lista, så den ligg no på Setesdalswiki.

Men sjølv om det bare er 40 år sidan dei døydde, er det mykje arbeid som må gjerast om ein skal få ein kort biografi om dei.

I dag skreiv eg om Orest Landsverk, han var vegarbeidar og var med på eit gammalt bilete som Alf Georg Kjetså hadde i avisa. Eg tenkte det ville vere moro å sjå kva eg kunne finne, og heldigvis kunne eg finne noko i Norges Bebyggelse. Her er artikkelen:

Karl Orest Landsverk (fødd 20. juni 1911 i Iveland, død 26. februar 1992 i Vennesla) var ein vegarbeidar frå Iveland. Han budde på Solstad, gnr. 54, bnr. 7, eit småbruk på 15 mål, av det var 7 mål dyrka mark. Han bygde huset i 1936 og låven i 1943. På bruket hadde han i 1955 to kyr og ein kalv. I 1936 gifta han seg med Ingeborg Landsverk, fødd Ljosland 19. mars 1912. Dei fekk barna Oddvar Landsverk, Svanhild Landsverk og Kåre Landsverk. I Iveland var Orest Landsverk med i likningsnemnda og skulestyret. Han vart gravlagd på Vennesla kirkegård 5. mars 1992

Setesdølen nr. 55, 2018 er det eit bilete av Orest Landsverk på side 8 med overskrifta Gamalt bilete frå Hornnes. Det er frå biletsamlinga til Alf Georg Kjetså, som etterlyste informasjon om eit bilete i Setesdølen nr. 52, 2018 side 2. Biletet var frå 26. februar 1969Olaf Engestølhadde den informasjonen.

 

Foto: Ole Martin Jensen