Datatilsynet

Share

Eg har tidlegare skrive om brevet eg fekk frå Datatilsynet om at artiklar om privatpersonar måtte ha samtykke. Eg hadde frist til i går med å svare, og i går sendte eg svaret til dei.

Takka vere Geir si hjelp, vart det eit godt svar etter mi meining. Så no går eg og ventar i spenning på om dei vil høyre på mine argument. Naturleg nok lurer eg på kor lang tid det vil ta før eg får svar.

I sommar har gleda mi ved å skrive om levande personar dalt litt, så eg har funne ei liste over folk som har vore med i Evje kommunestyre og skrive litt om dei. Inge Hodne hadde bilete av små biografiartiklar frå ei bok som kom ut i 1937. Den gir grunnlag for artiklane, og så finn eg litt meir informasjon nokre gonger,

Eg har og halde på med å finne stoff til artiklar om folk som døydde i 1978 i samband med artikkelen Folk i nær fortid.

Men eg ville jo gjerne tilbake til å kunne skrive om alle som det er naturleg å ha artiklar om på Setesdalswiki, det vil seie folk som deltek på arrangement eller er omtalte i Setesdølen. Vi får sjå korleis det går.