Hurra for meg

Share

-Hurra for deg som fyller ditt år!

Slik song dagens gjester då vi hadde kake i ettermiddag. Frå Varhaug kom mitt søskenbarn Brit Obrestad, søster Solvor med mannen Gaute Rasmussen. Dei parkerte sin elektriske bil i Lyngdal og tok resten av turen saman med mi søster Jorunn og hennar Ole-Thorvald Moen.

Det vart ein hyggeleg ettermiddag og kveld med Bali-gryte, eplekake med is, lefser, rullekake og kringle, så dagen hadde alt eg kunne ønske meg i matvegen.

Eg har fått ny vekt, til no har ho vist mindre for kvar gong eg går på henne, så eg lurer på korleis det går neste gong. Om ho framleis syner mindre, lurer eg på om det kan vere noko galt med henne.

Hurra for meg har eg også fått på Facebook, der over 170 har gratulert. Eg har ikkje skrive takk der enno, men eg kan gjere det her, for det er varme tankar som går til kvar og ein av dykk når eg les helsingane frå dykk.

Reidun, Jorunn og Ole-Thorvald