Vonheimkoret

Share

I dag tenkte eg at eg skulle skrive den artikkelen som hadde flest røde lenker på Setesdalswiki. Det synte seg å vere Vonheimkoret.

For å finne ut noko om koret, tok eg ein telefon til Svein Kleivane. Han hadde heldigvis tid til ein prat og kunne fortelje at koret vart starta opp i kjølvatnet av bygginga av Vonheim bedehus på Bygland i 1988. Dei øver annankvar måndag og er 16-17 som finn glede i å syngje evangeliske songar både i heimbygda og i nabokommunane. I vinterhalvåret syng dei gjerne eit par gonger i månaden på møter og gudstenester.

Heilt frå starten har Britt Haugen vore pianist, men dirigentane har skifta litt. Dei siste 20 åra har Gunveig Viki hatt den oppgåva, og ho og pianisten er flinke til å finne sangar som ikkje er for vanskelege, men som også er noko å strekke seg mot for deltakarane. Med åra er dei jo blitt godt vaksne, men det er ein god flokk frå ulike greiner av kyrkjelandskapet, både i og utanfor Den norske kyrkja, som finn saman i eit godt fellesskap. På små stader er det viktig å stå saman, meinte Svein Kleivane. Eg kom ikkje på å spørje han om også han hadde vore med frå starten, men så godt informert som han var, trur eg nok det.

Når me først hadde kontakt, spurde eg jo også om samtykke til å ha artikkel om Svein på Setesdalswiki. Det fekk eg. Han hadde ikkje sjølv sett den vesle stubben eg har, for han var lite interessert i å bruke tid på data. Men samtykke fekk eg, det var greitt.

Eit kor som dette er jo ein kulturell rikdom for ei bygd. Det er å håpe at dei vil halde på lenge og glede folk i Setesdal med vakker sang.