Lengsla bygde katedralar

Share

Ei strofe av Tor Jonsson rann meg i hugen i dag. Eg kom til å lese i bok eg fekk for mange år sidan om Italia. Der skildrar forfattaren eit besøk i katedralen til minne om Sankt Cataldus, ein irsk munk som slo seg ned i byen Taranto etter å ha forlist utanfor kysten av Italia.

Ikkje visste eg noko om Taranto, ei heller om Cataldus, så no veit eg litt meir. Men diktet av Tor Jonsson kom inn frå sida og minna meg på alle dei katedralane eg såg på TV under Tour de France i sommar. Det er nok å ta av både i Frankrike og Italia.

Vi tenkjer ofte på landa som sekulariserte, men eg er ikkje så sikker på om det er rett, for det går føre seg eit kontinuerleg vedlikhaldsarbeid på desse lengselens bygningar, vigde til Gud og ein eller annan helgen. Og då paven var i Irland nyleg såg vi store folkemassar slutte opp om besøket.

Ein gong på1980-tallet var paven også i Norge, han besøkte Tromsø. Ein flyktning eg kjende frå Sri Lanka fekk høve til å vere til stades, det var den største hendinga i hans liv. Så desse lengselens bygningar, fulle av kunst og dermed populære turistmål, har framleis relevans for moderne menneske som sakrale bygg der ein kan vende seg til Gud i bøn for land og folk.

Av og til tenkjer eg at eg gjennom radioprogram også kan vere med og byggje slike katedralar, om ikkje i stein, så i ord og tonar som kan rette blikket mot himmel meir enn mot jord.

Foto: Livioandronico2013/ Wikimedia Commons