Korrekturlesing

Share

Korrekturleseing er eit nødvendig onde. Vi tastar og skriv mangt og mykje, som oftast har vi kontroll på fingrane, men av og til bommar vi på tasten og treffer feil. Om vi ikkje merkar det med det same, blir feilen verande. Difor er det nødvendig med korrekturlesing.

Men så kjem situasjonen der ein skal lese korrektur for andre. Det er alltid lettast å oppdage andre sine feil, så difor er det godt å kunne få ein annan til å sjekke. I avisene hadde dei korrekturlesarar før, eg trur ikkje det er så mange no, for feil florerer.

Då eg var redaktør av Fiskerens Venne frå 1972 til 1976, var det nødvendig med korrekturlesing. Bladet vart sett med blysats, og då måtte ein sjekke at bokstavane hamna på rett plass før avisa gjekk i trykken.

Men det var alltid noko å fundere på. Det var eit vel utvikla teiknspråk for å merke feil, og så måtte typografen rette. I våre dagar må korrekturlesaren helst rette direkte, å merke i margen med teikn til typografen er nok ikkje så vanleg lenger.

Dermed kjem funderingane, for då må ein ikkje bare rette feil, men også fundere på om feilen er feil eller om det er noko forfattaren vil ha slik. Til dømes skriv forfattaren alle pengebeløp med kr. 5000,-

Skulle det heller vere utan ørestrek? Skulle i så fall kr. framfor heller byttast ut med kroner bak tallet? Så sit ein der og funderer. Slike spørsmål gjev ikkje retteprogrammet svar på. Det finn fort tastefeil, men andre problem med teksten er vanskelegare å korrekturlese.

Skal det vere punktum etter overskrift? Om det er korte, nesten stikkordsmessige setningar, gjerne utan verb, skal dei ha punktum til slutt, eller kan punktum sløyfast.

Av og til kjem til og med spørsmålet om korrekturlesaren skal gje råd om å flytte avsnitt som høver betre på annan plass i teksten. Då tek han kveld og håpar at morgondagen gjev nokre svar. Å sove på det, det er alltid lurt.