Ei interessant bok

Share

I posten i dag kom ei interessant bok. Running av Ronnie O’Sullivan er ein sjølvbiografi om livet til ein av dei mest fascinerande snookerspelarane i verda. Han har vunne meir enn dei fleste og når han spelar, sit eg klistra til skjermen.

Eg har tidlegare skrive om snooker, trur eg. I Norge er det ein idrett for dei spesielt interesserte, men i Storbritannia er det svært populært og O’Sullivan er den mest populære av dei alle.

Boka hadde datter mi, Rønnaug, skaffa frå England. Ho veit jo at eg likar snooker, eg har prøvd å få barnbarna mine til å dele interessen, men det har lukkast bare til ein viss grad, for dei er det fotball som gjeld når det er tale om ball.

Sjølv ein som har vunne alt som kan vinnast, har hatt sine problem. For Ronnie har det vore så mykje alkohol og narkotika at han har blitt med i AA og AN, men han har hatt hyppige sprekkar. Dette fortel han ope om, og så fortel han om korleis terrengløp har blitt redningen for han, eigentleg er han lat og likar god mat, men løping held han i form og gjer at han kan halde ut i dei lengste turneringane.

Som sagt, boka kom i dag, så det er ikkje så langt eg har kome. Men ho var også eit kjærkome høve til å pusse på engelsken min. Språket var rimeleg lett og med eit interessant emne ser eg for meg å kunne bruke litt tid i dagane framover på å bli betre kjent med ein snooker-legende. Og snart startar snooker på TV, håpar eg. Eurosport sender heldigvis ein del av desse turneringane, og då gleder eg meg over å sjå godt spel utan å ha jublande tribunar, for i snooker er det heilt stille på tribunen, ingenting må forstyrre konsentrasjonen.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *