Gullbryllup

Share

I dag har vi feira gullbryllup saman med kongefamilien. Vår feiring var gjennom TV-skjermen, der fekk vi både historisk oversyn og direkte formidling frå hendinga i Oslo domkyrkje og slik sett vart vi klokare enn vi hadde vore tidlegare, i alle fall vi som ikkje studerer desse tinga med falkeblikk i vekepressa. Det var visst eit stort bilag i Se og Hør denne veka, men å oppleve hendingane på TV er betre enn å lese om dei.

For oss som likar ei traust gammaldags gudsteneste med orgelmusikk og korsang, var det mykje å gle seg over, ikkje minst i sendinga frå bryllupet. Så var det noko meir moderne 50 år etter, men også det ein hyllest til kjærleiken i tekstar og musikk, delvis med same salmene som for 50 år sidan, men sjølvsagt prega av ei utvikling som har gått. Dette var også kommentatorane inne på, for 50 år sidan var det menn i leiinga av kyrkja, no var det mest kvinner der, mellom anna.

Og så var det interessant å sjå dokumentaren om flyttinga av huset i Tuengen allé til Maihaugen og korleis det gjekk an å flytte ein solid bygd villa, bygd for å stå på same plassen i lang tid, som Lego-byggesett teken ned og bli sett opp att og bli klar til opning for publikum til denne dagen.

Og sjølv på ein onsdag der ferien var slutt og skulane starta så var det folksamt i gata langs ruta der kongeparet kjørte i open bil frå Slottet til kyrkja. Det tyder på at kongeparet står sterkt i folket, og fleire gonger i programma vart det streka under at det at dei til slutt, etter ni års ventetid, fekk lov til å gifte seg, truleg var det som gjorde at kongedømmet kunne overleve, det ville vore unaturleg å tenke seg å etablere eit kongedømme i dag, men når det først er der, så står det sterkt.

At dronning Sonja hadde ein kamp å kjempe før ho fekk sin prins, det skjøna alle. Men vi fekk også eit lite innblikk i kampen ho måtte kjempe for å finne sin plass på Slottet, som var ein mannsbastion då ho kom dit, men som ho etter kvart tok hand om og tok oppgåva med å inspirere til vedlikehald og ettersyn. Det er jo ein stor bygningsmasse det er tale om, og det er det beste for alle partar at han blir halden ved like som symbol på det offentlege Norge.

Så var det godt å kunne avslutte dagen med svart skjerm og glede seg over at kjærleik kan vare i 50 år for fleire enn dei kongelege.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *