Historielagstur

Share

Neste sundag går Evje og Hornnes sogelag på tur til gardar like aust for Evje. Desse turane har gjerne hatt god omtale i Setesdølen, og denne turen er ikkje noko unntak. Ivar Haugen skreiv ein flott artikkel i avisa med informasjon om kva ein kunne få med seg om ein blei med på turen.

Artikkelen i avisa hadde ikkje fått med namnet på forfattaren, så eg tok ein telefon til Erik Kjebekk og lurte på om det var han som hadde skrive den, han er leiar i sogelaget. Men han sendte meg vidare til Ivar Haugen, som gjerne ville dele den med Setesdalswiki sine lesarar.

Dermed ligg artikkelen no også på Setesdalswiki under namnet Frå Åmland til Rosseland.

Det er framleis nokre røde lenker, men kan hende er det mulig å dekke dei før turen startar. Det er i alle fall noko vi kan prøve å få til i komande veke.

Takk til Ivar Haugen for at du ville dele artikkelen også på Setesdalswiki.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *