Lever på minner

Share

Du tronar på minnen från fornstora dar,
då ärat Ditt namn flög över jorden.

Slik heiter det i andre verset av Sveriges nasjonalsang, Du gamla, du fria. Sangen rann meg i hugen i helga då eg kom til å skrive om Samisk folkehøgskole på Wikipedia. Dei har hatt ein konkurranse om Samisk kultur denne veka i det som vert kalla Ukens konkurranse.

Eg kunne vinne billettar til ein konsert i Operaen, den hadde eg neppe prioritert, men av og til ein det å delta i ein konkurranse eit puff til å skrive litt på Wikipedia, der skriv eg ikkje så mykje lenger, men av og til fristar det å skrive om noko anna enn Setesdal og Indre Agder.

For mange år sidan kom eg til Karasjok på besøk på Samisk folkehøgskole. Den er nedlagt no, bygningane er selde, akkurat som Hadsel folkehøgskole, der eg var rektor i 15 år, halvparten av tida den var i drift. Og då eg googla litt, dukka det opp bilete av folk eg møtte den gongen, då var samisk svært eksotisk for meg. Det er det for så vidt enno, men likevel langt meir kjent.

Eg hugsar at eg var så imponert over ho som stod i kassen på butikken der, for ho snakka både samisk, norsk og finsk, men det var jo ei anna sak.

Når eg kom på strofa som eg innleidde bloggen med i kveld, var det fordi minnene om turen i Finnmark vart så levande. For så vidt var det god grunn til det også då eg såg på Arctic Race of Norway på TV for ei stund sidan, mange av dei vegane der syklistane for fram, hadde eg kjørt.

Så kunne eg sitje her i Mandal og minnast hyggelege menneske eg har møtt på desse reisene, ikkje bare på DSF, som folkehøgskolen i Karasjok vart kalla, men også elles i tida mi i Nord-Norge. Ein av dei, Inge Hyld, hadde bursdag i går, etter det Vårt Land kunne fortelje.

Det er godt på ha gode minner med seg og å kunne ta dei fram av og til.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *