Mediebruk

Share

I kveld fekk eg ein telefon frå eit eller anna statisikkbyrå som ville vite om eg ville vere med i den store medieundersøkinga som blir gjort kvart år i Norge. Eg kan ikkje hugse at eg har vore med i den tidlegare, så eg svarte ja.

Første delen handla om aviser. Joda, der var eg på heimebane. Eg les Fædrelandsvennen, Lindesnes og Vårt Land kvar dag, og spørsmåla var om eg hadde lese avisene siste veka og i går. Dei spurte også om Aftenposten, Dagbladet og VG. Då Rønnaug var på ferie her, omadresserte ho Aftenposten hit, så dermed kunne eg seie at eg hadde lese den også, siste gong for tre veker sidan, men det var vel bare delvis sant, for vi har fått nokre gratiseksemplar i posten seinast denne veka.

Men VG var det kleinare med, eg las den i sommar ein gong, for då var det ein artikkel om badeplassar i Setesdal. Dagbladet har eg knapt kjøpt siste året, så laussalsavisene når ikkje opp.

Men då eg også ville ha henne til å notere Setesdølen som avis for meg, hamna den bare i sekken Andre

Så var det spørsmål om digitale utgåver. Eg skriv jo på Setesdalswiki og Wikipedia, og dermed nyttar eg dei digitale utgåvene av svært mange aviser ganske ofte, eg har tilgang gjennom Retriever fordi eg skriv på Wikipedia, så eg trur ho etter kvart trudde eg overdreiv, for på digitale utgåver av media var det ganske mykje treff. Det går visst an å abonnere på pdf-utgåver av dei fleste avisene, det visste eg ikkje og har dermed ikkje nytta dei.

Så kom ho til TV og radio. For ein pensjonist med fiber-tv og ganske mange kanalar, er eg jo jamnt innom dei fleste, om enn ikkje så lenge, så eg trur ho lurte på om eg gjorde noko anna enn å konsumere media. Og då ho kom til radio, der eg jo har ei spesiell interesse, var eg også storforbrukar der, sjølv om ho nok fann ut at eg ikkje er glad for all popmusikken dei radioane ho hadde på lista, Metro, P4 og kva dei no kallar seg, sender og difor greitt kunne kutte dei ut. Det vart nok att, Sørlandssendinga og P2. Men Valle Radio var heller ikkje på lista, det var kanskje like godt, for dei har sommarferie og om den hadde vore på lista, så ville eg jo ikkje ha høyrt den siste veka.

Undersøkinga handla om medier, dermed var ikkje nettstader som Wikipedia og andre heimesider med i undersøkinga. Om dei hadde vor med, ville ho sikkert blitt meir skeptisk og lurt på korleis ein person kan få med seg så mykje, døgnet har bare 24 timar og nokre av dei skal ein jo sove også.

Til slutt runda ho av med spørsmål om eg ville svare på eit spørjeskjema som eg skulle få tilsendt. Men det sa eg nei til, ein ting er å svare på telefon, noko anna å sitje med mange siders skjema.

Så ønskte vi kvarandre god kveld og avslutta samtalen.

Men Setesdølen hamna i gruppa Andre 🙂

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *