Mediemangfald

Share

I kveld var det ein diskusjon på NRK i programmet Torp Spesial som handla om mediemangfald. Det vil seie, det var NRK mot røkla, for leiarar for mediebedrifter hadde skrive ein kronikk i Aftenposten der dei tok til orde for å avgrense NRK til å halde seg meir til TV og radio og ikkje lage nettavis av sakene.

Når dei laga gratis saker på nett, kunne ikkje mediebedrifter som Schibsted konkurrere, for dei må ha saker bak betalingsmur. NRK er jo lisensfinansiert og slepp å tenke på å skaffe seg inntekter på anna vis.

For å overleve hadde dei kommersielle mediebedriftene nedbemanna mykje, nokre kan hende med 50%. Det fører til at det er færre til å dekke kommunestyremøter og anna i grisgrendte strøk som ikkje har eigne aviser, men der stoffet blir dekt av regionavisene.

Slik sett er Setesdal heldig, vi har ei avis som dekker grisgrendte strøk. Redaktøren i Setesdølen har ikkje artiklar på nettet, økonomien ligg i papiravisa og han vil ikkje konkurrere med seg sjølv. Om han skulle hatt digital utgåve, måtte han hatt fleire folk. Det hadde ikkje vore bærekraftig. Men eg trur at nettopp det at regionen har Setesdølen, gjer at vi også har dekning av stoff i Fædrelandsvennen, det hadde ikkje vore mykje frå Setesdal og Indre Agder om Fædrelandsvennen hadde vore einaste avisa. No må regionavisa på banen om ho skal halde på abonnentar i Indre Agder.

Det var interessant å høyre debatten, særleg i dag, då eg sende svaret til Medietilsynet om Setesdalswiki. Der sa eg at Setesdalswiki er eit leksikon og ei nettavis. For sjølv om vi ikkje lagar reportasjar som ei vanleg avis, så melder vi kvar dag om nye hendingar i Setesdal. Det er ikkje store artiklar om hendingane, men fortel likevel om livet slik det utspelar seg i regionen, og så får kvar og ein velje om dei vil lese det eller ikkje. Vel 500 var innom oss i dag.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *