Skinår

Share

-Kva er skinår?

-Sa du skinår. Det ordet har eg aldri høyrt før, sa Reidun i kveld då eg fortalde at eg hadde skrive ein artikkel om dette på Setesdalswiki.

De sy ner seg at vallemal.no har ordet, så det er eit gammalt uttrykk som vel kanskje mest er gått ut av bruk. På sida til vallemal.no er det ein skrivefeil i bunden form eintal, så om nokon vil fikse det, er det fint.

Sjølv hadde eg heller ikkje høyrt ordet før i sommar. Men 24. juli hadde Bjug Åkre ein artikkel om Skinåret 1947 i Setesdølen og der forklarte han ordet som varmt, nedbørsfattig år.

På nynorsk wikipedia står det under tørrår, og sanneleg har vi hatt eit skinår i sommar. Bøndene kallar det kriseår, for graset gror ikkje og sjøl førsteslåtten var dårlegare enn vanleg. Urbane menneske kunne nok godt hatt ein sommar som den vi no har bak oss, men når det blir vinter att og straumprisane går til himmels fordi vassmagasina er tomme, vil nok også dei heller satse på sommar med vanleg blanding av sol og regn.

Eg tok ein telefon til Bjug Åkre i dag og takka han for artiklane i Setesdølen. Han skreiv om skinåret 2018 i avisa som kom i går.

Eg lurte på om eg kunne få artiklane og legge dei ut på Setesdalswiki.

-Trur du nokon er interessert i å lese det? spurde han.

Eg svarte at eg hadde i alle fall funne den interessant, og då ville sikkert fleire like å lese den.

Så fekk han epostadressa mi, harhaugl@gmail.com og skulle sende dei til meg. Du kan også nytte den om du vil sende noko til meg, til dømes eit samtykke til å ha artikkel på Setesdalswiki.

Biletet: Når det er skinår, ser ein grøn og frodig grasbakke plutselig heilt gul ut.

Foto: Helge Haugland

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *