Stort og smått

Share

I dag starta Arendalsuka. Eg har ikkje tenkt meg dit, men det er mange som alt er på plass. Mange tenkte nok at det meste som skulle skje, ville hende der. Men den første dagen var scenen for politisk dramatikk nok helst lagt til Oslo.

Per Sandberg, som i helga var i Mandal med fiskeriministeroppdrag, hadde kan hende også tenkt å kunne dra rett til Arendal, der han visstnok hadde fire debattar på programmet, måtte i staden dra til Oslo og møte Kong Harald for å søke om å få avslutte perioden ved Kongens bord. Kong Harald svarte Ja vel, gav han avskjed i nåde, og så var det nok å gjere for å stette media sine krav om svar på ditt og datt både for Solberg, Sandberg og Jensen.

På heimebane er livet litt lettare. I dag runda Setesdalswiki eit nytt hundretal av artiklar. Eg skreiv litt om det på Såpekassen, der ein kan diskutere stort og smått om Setesdalswiki, men der det ikkje er nokon diskusjon, bare meldingar om nytt hundretal:

Artikkelen om Bortelid Utmarkslag vart artikkel nr. 89 600. I Setesdølen nr. 57, 2018 var det eit oppslag om tømming av Bortelidtjønna, og den jobben blir gjort i regi av Bortelid Utmarkslag, så då var det naturleg å skrive ein artikkel om dette selskapet. Dei hundre artiklane kom på 18 dagar, så no har farten auka litt igjen. Om det held fram slik, er ikkje godt å seie, men det er nok av fjell og vatn å skrive om framover om ein ikkje skal skrive om personar, då. —Harald Haugland(diskusjon) 13. aug. 2018 kl. 20:10 (CEST)

For øvrig kunne eg notere at nemnde eksemplar av Setesdølen var utan røde lenker. Det er svært sjeldan vi klarar å skrive artiklar om noko utan at det vert røde lenker, ikkje minst avisa sine overskrifter. Det var ei stor hending i Setesdalswiki, men i eit større perspektiv var det nok ingen som heiste flagget av den grunn.

Så får eg heller heise flagget sjølv i kveld og takke for at du les Setesdalswiki av og til. Kan hende lesetipsa på bloggen i går kunne få deg til å svinge innom oss oftare. Velkommen skal du vere.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *