Studentane frå 1937

Share

Sist veke fekk eg høyre om ei bok med tittelen Studenten fra 1937. Då tenkte eg at eg skulle sjå om boka var til salgs på eit eller anna antikvariat, og på Wangsmo i Trondheim fekk eg napp. Same dag vart ho ekspedert frå Stiftstaden, pris 150 kroner pluss frakt, den var nesten like mykje, men så var det ei bok på 700 sider og vel så det. I kveld henta eg henne på posten i Mandal.

Det gjev grunn til ettertanke at i 1937 var det ikkje fleire studentar enn at biografiane deira kunne få plass innanfor permane på ei slik bok og at det i tillegg var fleire artiklar om ulike tilhøve knytt til temaet. Det har vore ein utdanningseksplosjon, kor mange som blir studentar no for tida, veit eg ikkje, men dei ville nok trengt fleire bøker.

Frå Hornnes landsgymnas, som eg jo var interessert i på grunn av at eg gjerne kunne tenkje meg å skrive artiklar på Setesdalswiki om dei som gjekk der, var det 15 på reallinja og 19 på latinlinja. Når du ser lista over namn, er det kanskje nokon du kjenner. Då kan det vere interessant å få meir informasjon om dei. Skriv ein kommentar på Setesdalswiki si Facebookside, så får vi sjå korleis det blir artiklar av det etter kvart.

Her er namna:

Real
Thorvald Willy Amundsen
Torgeir Bue
Daniel Eikeland
Arne Flørenes
Karsten Anker Henriksen
Olav Haavardstad
Bjarne Imenes
Johan Jerstad
Olav Stanley Johansen
Knut Mykland
Neri Ramse
Arne Rysstad
Haakon Alf Stokke
Arne Odd Øvensen
Jens Asland

Latin
Hans Kristian Aslaksen
Jon Berg
Leif Anker Berge
Dreng Dale
Trygve Danielsen
Artur Gotfred Eriksen
Gerd Margrethe Frantz
Edvard Kristian Haugeland
Håkon Haus
Torvald Hansen
Øyvind Birger Lindeberg
Evelyn Mjelde
Oddny Jofrid Ofstad
Kjetil Rygnestad
Gyda Sommerin
Sigurd Stousland
Karsten Underhaug
Torgeir Arak
Kay Abraham Aarsnes

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *