Immateriell kulturarv

Share

Største delen av den aktuelle timen i kveldens sending i Valle Radio handla om søknaden som er sendt om å få setesdalsmusikken med på UNESCO si liste over immateriell kulturarv. Det var ein prosess som tok til i 2012. Gunnar Stubseid fortalde i samtalen med Ørnulf Hasla at han vona at saka skulle verte avslutta i 2019, i desember. Då burde ein kanskje sende ein delegasjon til Paris i høve saka.

No er det ikkje lenger Setesdal Spelemannslag som står for søknaden, for bare stater kan søke. Så det er Norge som søker om å få godkjent setesdalsmusikken som immateriell kulturarv. Kari Oksum Stubseid, Gunnar Stubseid og Astri Rysstad var dei som gjorde det meste av arbeidet, og dei måtte gå mange rundar, spisse søknaden, før han kunne sendast. Dei måtte lære seg UNESCO-språk, kvar søknad har sitt språk, men omsettinga til fransk tok Norge seg av.

Før denne saka haddde Ørnulf ein prat med Margit Dale som no er ferdig med innspelinga av serien Kystmat. Truleg kjem den på TV2 over nyttår.  Dei starta i Kvinesdal, der kokken Trond Moi kom frå, men hadde vore over store deler av Sørlandskysten for å lage programma. Margit seier ikkje nei til ei utfordring, ho hadde dykka og til og med vore på legevakta under innspelinga.

Det første innslaget var ein samtale om arrangementet i Sæbyggjen sundag klokka 17, der Paal-Helge Haugen skal samtale med Tom Martin Berntsen om aktulle tema i livet og diktinga. Det er det første arrangementet i det ein håpar skal bli eit månadleg program med samling sundag ettermiddag.

Eg fekk ikkje med meg samtalen med ordførar Steinar Kyrvestad, då kunne eg gle meg over at Start vann kvartfinalen i cupen og skal spele semifinale. For øvrig er ryggen framleis ute av lage, så det vert lite skriving på meg for tida.

Mykje musikk

Share

Kveldens sending i Valle Radio hadde musikk som hovudingrediens. Om du les programmet Siri Johannessen hadde i Setesdølen i kveld, vil du nok vere enig med meg:

Tysdag 25. september 2018

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel med Thomas Bjerkholt (Norea)
18.30 Countrygospel-timen med Per Govertsen
19.30 Homecoming radio med Mette og Roger Sørensen
20.00 Møteplassen med Tore Ljøkjel frå Norea/2007
20.30 Postludium med Niklos K Besteland
21.00 Kyrkjebakken 

I morgon, onsdag 26. september 2018  kjem det eit litt anna program:

19.00 Tanker frå Bibelen. Torfinn Brokke
19.30 Kommunden informerer. Steinar Kyrvestad
20.00 Aktuell time. Ørnulf Hasla
21.00 Sigrid og Sondre i studio
Teknikar: Liv Gunn Viki
Valle radio sender i heile Setesdal

Du kan høyre Valle Radio på Internett om du ikkje bur i Setesdal. Gå til heimesida, der er det lenke til spelaren. Det er live sending, ikkje podcast. http://valleradio.com/

Sjølv har eg for tida ein rygg som ikkje samarbeider noko særleg, så eg er ikkje så aktiv på nett, sjølv om vi vi går fekk straum og nett tilbake etter tre dagar utan. Om ryggen kunne kome tilbake i normal stand, ville det vore lettare for meg å skrive, men eg smør ryggen med salve og tankane med tolmod og von, finn stokken og haltar meg til sengs. God natt!

 

 

Nabohjelp

Share

Uværet på Sørlandet ramma oss hardt. Om lag klokka tre i dag gikk strømmen, men etter noen timer fikk naboene den tilbake.

Det viste seg imldlertid at to store eiketrær hadde falt over  ledningen til oss og naboen Holte. Ikke bare hadde  ledningen blitt revet ned, den var blitt røsket ut av veggen og lå på bakken, så vi har ingen ledning inn til vårt hus. I tillegg hadde den revet med seg en stolpe som står ti meter fra huset.

Da er det godt å ha gode naboer. Våre naboer Elin og Hans Kyllingstad startet med å legge skøyteledning fra deres hus ned mot vårt hus. Men det er jo litt langt, så de hadde ikke så lange skøyteledninger. Men da kom naboen Christian Ihme oss til hjelp, han hadde ledning og sørget også for å pakke inn skøytene i plast for å unngå å få regn i dem. Tine Lise Holte kom også med skøyteledning, de er også uten strøm, for vi er på samme linje.

Også Kristoffer Eskeland kom innom. Han har godt lys på bilen, så det hjalp litt. I kveld skulle det ha vært basar på skolehuset her på Omland, men den ble avlyst, så da hadde han vært på en butikk med frukt de hadde fått, men som ikke ble brukt til basaren. Barna hans fortalte at skolebussen hadde kjørt til Tofte da et vindfall falt rett foran bussen. På Kigeveien var telefonledningen falt ned. så i vårt nabolag har stormen gjort sine skader.

Nå i kveld kom jeg endelig gjennom til Agder Energi Nett og fikk fortelle om skaden. Selv om Otera hadde vært for å ordne med strøm til Skjernøya, hadde de ikke registret skade hos oss. Men de regnet ikke med at vi ville få strømmen tilbake i dag.

Ved hjelp av skøyteledninger fra naboen får vi holde kulden i fryseskapet i kveld og jeg får strøm til min pustemaskin i natt. Så får vi se hvordan det går i morgen.

Kort kommunestyremøte

Share

Kveldens sending i Valle Radio var av det korte slaget. Programmet sa kommunestyremøte, teknikar Jørund Georg Jore.

Eg sette på radioen klokka 18.20, då var dei midt i Førespurnader. Så gjekk dei på saklista. Alle sakene var samrøystes, knapt nokon debatt i det heile. Så før klokka 19 var dei ferdige. Her er saklista:

PS 26/18 Ordførar orienterer
PS 27/18 Førespurnader
PS 28/18 Auke av beredskapsgodtgjering for fallviltgruppa
PS 29/18 Løyving av midlar til Skatepark Rysstad
PS 30/18 Årsmelding og årsrekneskap 2017, Øyne industribygg Valle KF
PS 31/18 Helsetenesta i Valle og Bykle kommune – reforhandling av
samarbeidsavtale om vertskommunesamarbeidet
PS 32/18 Førespurnad om leige av areal i kommunehuset i Valle

I tillegg var det nokre referatsaker på lista. Om dei vart diskuterte, veit eg ikkje, men dei pleier ikkje å bli diskuterte. Her er lista:

RS 16/18 Referat frå arbeidsmøte 15.06.18 – Rv. 9 Besteland-Helle
RS 17/18 Møteprotokoll, representantskap Setesdal brannvesen IKS 20.06.2018
RS 18/18 Årsmelding og årsrekneskap 2017 – Konsesjonskraft IKS
RS 19/18 Presiseringer knyttet til ny utbyttepolitikk for Agder Energi
RS 20/18 Søknad om tilskott til stadnamninnsamling, Valle kommune
RS 21/18 Tilskott til stadnamninnsamling
RS 22/18 Innvilga søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet 2018 – Gjeld søknad om tilskot til anl.nr.60760 Åraksøyne snøscootercross- og motorcrossbane, nytt sanitetsanlegg
RS 23/18 Avslag på søknad om tilskudd til anlegg for idrett og fysisk aktivitet 2018 – Gjelder søknad om tilskudd til an.nr. 60436 Valle IL, Klubhus
RS 24/18 Avslag på søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet 2018 – gjeld søknad om tilskot til anl. nr. 60436 Valle IL – klubbhus
RS 25/18 Avslag på søknad om tilskot til lokale kulturarenaer 2018 – Gjeld søknad om tilskot til anl.nr. 60505 Valle folkebibliotek
RS 26/18 Avslag på søknad om tilskot til lokale kulturarenaer 2018 – Gjeld søknad om tilskot til anl.nr. 43897 Hylestad soknehus, oppgradering
RS 27/18 Avslag på søknader om spelemidlar til anlegg på Furestøyl i Valle kommune 2018

 

Tysdagssendingane i gang att

Share

Så er også tysdagssendingane i gang att. I kveld hadde Siri Johannessen lagt opp til eit program etter tradisjonell lest. Etter programintroduksjon fekk vi høyre Asbjørn Kvalbein i serien Noe ble borte på veien. Her var ordet lønnkammeret denne gongen.

Andakten var utvida til ein halvtime, sokneprest Tom Martin Berntsen delte frå stoffet han har bibeltimar over denne hausten, frå Romerbrevet, og nytta høvet til å minne om at det i kveld var bibeltime i Sæbyggjen.

Etter sangkveld kom så ein aktuell time, der vi først fekk eit intervju med Øystein Rauan om forbønntenesta i Stefanusalliansen, organisasjonen som arbeider for forfylgde kristne. Deretter var Malmfrid Nyborg Homme i studio og fortalde om planane for Sauesjået, som i år er to dagar, både fredag og laurdag. Til slutt fekk vi høyre om arbeidet med turløyper i Valle kommune. Her var Tarald Myrum i studio og Henrik West på telefonen frå Danmark. Etter det eg ser på Facebook var han i Valle i helga på opninga av Sæbyggjen, då nytta han også høvet til å få ein topptur og få med seg Setesdals Niagara, Sarvsdammen i Bykle, der det vart sleppt vatn over dammen denne helga.

Kveldens Postludium var det Niklos K. Besteland som stod for. Her hadde han funne fram musikk av Felix Mendelssohn. Eg klypper frå Setesdalswiki si side om programmet: 

  1. Hochzeitmarch. Arrangement for orgel ved Cunningham Wood, organist Stephen Cleobury på orgelet i Westminster Abbey
  2. Jauchzet dem Herrn, alle Welt. Salme 100. Vokalensemle Nonetten frå Visby domkirke, dirigent domorganist Claes Holmgren
  3. Andante i D-dur. Organist Konrad Philipp Schuba på orgelet i Münsterkirche Konstanz

Så er også tysdagssendingane i gang att. Lukke til, ale som medverkar og planlegg og gjennomfører programma.

Sundag 16. september var det igjen NIagara i Bykle. Her er bilete frå laurdag 27. august 2016 rann vatnet over Dam Sarvsfoss og skapte eit lokalt Niagarafall i Bykle. Foto: Geir Daasvatn

Vond rygg

Share

Denne veka har dei siste dagane vore prega av vond rygg. Det er ikkje så ofte eg har hatt problem med ryggen, men denne gongen har det teke over tankar og gjort at eg ikkje har fått skrive noko særleg. Å høyre på radio og sjå på tv går, men å slå opp i bøker og anna som skal lesast, er verre.

Samanlikna med folk som verkeleg slit med skavankar, er det neppe så særleg spesielt, men når ein har vore velsigna med å sleppe slike problem, blir det for meg stort likevel.

Så sit eg her og lurer på korleis eg skal kome meg til ein doktor som kan få orden på ryggen min att. Eg lurer på mange andre ting også, har du hatt vondt i ryggen, veit du nok om noko av det eg lurer på.

Meir er det ikkje å seie i kveld. Vonar du har ein god rygg. Det unner eg deg.

Sæbyggjen opna

Share

Takka vere Valle Radio kunne eg få med meg opninga av Sæbyggjen frå Mandal. Eg høyrde det meste på radio, men kom plutseleg på at det også vart streama frå arrangementet og dermed fekk eg med meg blomlauk #14 også.

Eit høgdepunkt var Paal-Helge Haugen si framføring av eigen tekst til opninga. Der gav han oss opplevingar om skrift, tekst og bibliotek som var både fulle av perspektiv og sanneleg også med historiske glimt frå Valle folkebibliotek heilt tilbake til 1918 då det kosta ei krone å vere medlem.

At ein person fekk eit illebefinnande og måtte få hjelp til og med av ambulanse, gav det heile eit avbrot, men det løyste både forfattaren og møteleiaren på ein god måte, ein tenkepause for å grunne på teksten var ikkje så ulagleg som ein kunne tenke det kunne bli.

Gode ord og blomar med på vegen fekk både huset og folka som står bak. Konserten med Kim var ei perle å få med seg, så det er grunn til å takke Valle Radio for formidlinga til oss som ikkje kunne vere til stades på arrangementet.

Foto: Geir Daasvatn

 

Unge gründarar

Share

Setesdal regionråd har satsa på unge gründarar. Prosjektet SGOS har gitt støtte til fleire unge som har etablert eiga bedrift.

I kveldens Norge Rundt møtte vi Joakim Berg som 17 år gammal og elev på vidaregåande skule har nok å gjere og heile tre ungdomar i arbeid. Han investerte konfirmasjonspengane i ein plenklyppar og tok på seg arbeid for folk. No har han også traktor og gravemaskin og tek på seg gravearbeid, han har oppdraget med klypping av plenane på kyrkjegardane og fortalde i programmet at han sjeldan tek kvelden før nærare midnatt.

Og så går han på skole ved kysten, men fleire gonger i veka kjem han heim for å jobbe om kveldane. I programmet fekk han fleire telefonar og det vart også avslutta med at han måtte ta ein telefon, så det verka som om han var etterspurt for arbeidet. I avisa i går var kyrkjegardane omtalt for at dei var så velstelte, så han og medarbeidarane hans gjer ein god jobb som folk set pris på.

I Setesdølen sist torsdag var det også ein artikkel om ein ung gründar, Ole Søren Sverdrup Lund. Han starta Nordibø Bygdeservice som tek på seg arbeid for bønder og folk flest. Utan å bruke pengar på annan reklame enn Valle Radio har han hatt nok av oppdrag.

Det er hyggeleg når media ser dei unge som satsar.

Opningar

Share

I kveldens sending i Valle Radio var det fokus på opningar. I halvtimen med kommunal informasjon handla det om den komande opninga av bibliotekbygget Sæbyggjen med kyrkjestove/ festsal. Det er lagt opp til eit rikhaldig program både laurdag og sundag. Laurdag er alt gratis med unntak av konserten Folkeakademiet arrangerer om kvelden.

Deretter var det ein flott reportasje frå opninga av Straume kraftverk. Der fekk vi høyre Svein Harberg opne anlegget, som har vore i drift eit år som prøveperiode, Steinar Kyrvestad som gledde seg over satsinga, Stein Føreland Straume som talsmann for eigarane. Vetle Tveiten Hoslemo kveda. Det var eit flott program for oss som ikkje var der, men sikkert også fint å høyre for dei som var der.

På ein måte var også seniormessa på Hylestad soknehus ei opning, for det var første gongen eit slikt arrangement vart halde i Valle. Svært godt oppmøte, etter det vi fekk høyre i programmet, der også Kjetil Carolis Jore orienterte om brannvern, akkurat der var lyden ikkje så god som på resten av opptaket.

Det er godt at Valle Radio er i gang att, I opi sending kom det ein telefon heilt frå Mallorca, men eg fekk og høve til å snakke litt om Setesdalswiki etter å ha løyst ein rebus. Dei andre innringarane fekk premie, min premie var å fortelje om Setesdalswiki og få samtykke til å ha artikkel om Ronny Stavsholt og Ingeborg Åkre Løyland der. Datatilsynet vil at vi skal ha samtykke frå folk vi skriv om. Om det kravet blir ståande, får vi ein stor jobb med å få slike samtykker. Men vi håper at dei kan sjå at vi er eit leksikon, det er unntak for krav om samtykke for leksikon og aviser. Inntil vidare takkar vi for samtykka vi har fått, om vi får fleire er det jo bra, så send gjerne ei melding om det til meg.

Valle Radio startar att

Share

Så er ein lang sommarferie slutt i Valle Radio. I morgon, onsdag 12. september, startar sendingane opp att.

Ansvarleg og teknikar: Ørnulf Hasla
Telefonvakt: Ingeborg Åkre Løyland

Program

19.00 Tankar frå Bibelen ved Torleif Harstad
19.30 Kommunen informerer ved Torunn Charlotte Nyberg
20.00 Aktuell time ved Ørnulf Hasla
21.00 Opi sending: Ronny Stavsholt

Sjøv sit eg i Mandal, men tankane vil vere med dykk i radioen når de no startar ein ny sesong. Det skjer mykje i Valle og i Setesdal no, så det er ganske sikkert stoff til å lage radio av.

Foto: Britta Lise Homme