Unge gründarar

Share

Setesdal regionråd har satsa på unge gründarar. Prosjektet SGOS har gitt støtte til fleire unge som har etablert eiga bedrift.

I kveldens Norge Rundt møtte vi Joakim Berg som 17 år gammal og elev på vidaregåande skule har nok å gjere og heile tre ungdomar i arbeid. Han investerte konfirmasjonspengane i ein plenklyppar og tok på seg arbeid for folk. No har han også traktor og gravemaskin og tek på seg gravearbeid, han har oppdraget med klypping av plenane på kyrkjegardane og fortalde i programmet at han sjeldan tek kvelden før nærare midnatt.

Og så går han på skole ved kysten, men fleire gonger i veka kjem han heim for å jobbe om kveldane. I programmet fekk han fleire telefonar og det vart også avslutta med at han måtte ta ein telefon, så det verka som om han var etterspurt for arbeidet. I avisa i går var kyrkjegardane omtalt for at dei var så velstelte, så han og medarbeidarane hans gjer ein god jobb som folk set pris på.

I Setesdølen sist torsdag var det også ein artikkel om ein ung gründar, Ole Søren Sverdrup Lund. Han starta Nordibø Bygdeservice som tek på seg arbeid for bønder og folk flest. Utan å bruke pengar på annan reklame enn Valle Radio har han hatt nok av oppdrag.

Det er hyggeleg når media ser dei unge som satsar.