Tysdagssendingane i gang att

Share

Så er også tysdagssendingane i gang att. I kveld hadde Siri Johannessen lagt opp til eit program etter tradisjonell lest. Etter programintroduksjon fekk vi høyre Asbjørn Kvalbein i serien Noe ble borte på veien. Her var ordet lønnkammeret denne gongen.

Andakten var utvida til ein halvtime, sokneprest Tom Martin Berntsen delte frå stoffet han har bibeltimar over denne hausten, frå Romerbrevet, og nytta høvet til å minne om at det i kveld var bibeltime i Sæbyggjen.

Etter sangkveld kom så ein aktuell time, der vi først fekk eit intervju med Øystein Rauan om forbønntenesta i Stefanusalliansen, organisasjonen som arbeider for forfylgde kristne. Deretter var Malmfrid Nyborg Homme i studio og fortalde om planane for Sauesjået, som i år er to dagar, både fredag og laurdag. Til slutt fekk vi høyre om arbeidet med turløyper i Valle kommune. Her var Tarald Myrum i studio og Henrik West på telefonen frå Danmark. Etter det eg ser på Facebook var han i Valle i helga på opninga av Sæbyggjen, då nytta han også høvet til å få ein topptur og få med seg Setesdals Niagara, Sarvsdammen i Bykle, der det vart sleppt vatn over dammen denne helga.

Kveldens Postludium var det Niklos K. Besteland som stod for. Her hadde han funne fram musikk av Felix Mendelssohn. Eg klypper frå Setesdalswiki si side om programmet: 

  1. Hochzeitmarch. Arrangement for orgel ved Cunningham Wood, organist Stephen Cleobury på orgelet i Westminster Abbey
  2. Jauchzet dem Herrn, alle Welt. Salme 100. Vokalensemle Nonetten frå Visby domkirke, dirigent domorganist Claes Holmgren
  3. Andante i D-dur. Organist Konrad Philipp Schuba på orgelet i Münsterkirche Konstanz

Så er også tysdagssendingane i gang att. Lukke til, ale som medverkar og planlegg og gjennomfører programma.

Sundag 16. september var det igjen NIagara i Bykle. Her er bilete frå laurdag 27. august 2016 rann vatnet over Dam Sarvsfoss og skapte eit lokalt Niagarafall i Bykle. Foto: Geir Daasvatn