Immateriell kulturarv

Share

Største delen av den aktuelle timen i kveldens sending i Valle Radio handla om søknaden som er sendt om å få setesdalsmusikken med på UNESCO si liste over immateriell kulturarv. Det var ein prosess som tok til i 2012. Gunnar Stubseid fortalde i samtalen med Ørnulf Hasla at han vona at saka skulle verte avslutta i 2019, i desember. Då burde ein kanskje sende ein delegasjon til Paris i høve saka.

No er det ikkje lenger Setesdal Spelemannslag som står for søknaden, for bare stater kan søke. Så det er Norge som søker om å få godkjent setesdalsmusikken som immateriell kulturarv. Kari Oksum Stubseid, Gunnar Stubseid og Astri Rysstad var dei som gjorde det meste av arbeidet, og dei måtte gå mange rundar, spisse søknaden, før han kunne sendast. Dei måtte lære seg UNESCO-språk, kvar søknad har sitt språk, men omsettinga til fransk tok Norge seg av.

Før denne saka haddde Ørnulf ein prat med Margit Dale som no er ferdig med innspelinga av serien Kystmat. Truleg kjem den på TV2 over nyttår.  Dei starta i Kvinesdal, der kokken Trond Moi kom frå, men hadde vore over store deler av Sørlandskysten for å lage programma. Margit seier ikkje nei til ei utfordring, ho hadde dykka og til og med vore på legevakta under innspelinga.

Det første innslaget var ein samtale om arrangementet i Sæbyggjen sundag klokka 17, der Paal-Helge Haugen skal samtale med Tom Martin Berntsen om aktulle tema i livet og diktinga. Det er det første arrangementet i det ein håpar skal bli eit månadleg program med samling sundag ettermiddag.

Eg fekk ikkje med meg samtalen med ordførar Steinar Kyrvestad, då kunne eg gle meg over at Start vann kvartfinalen i cupen og skal spele semifinale. For øvrig er ryggen framleis ute av lage, så det vert lite skriving på meg for tida.