Kvittering

Share

Fredag var eg på butikken her i Mandal. Eg kjøpte mellom anna fire ting som hadde blitt sett ned med 40% på grunn av kort dato.

Eg undrar meg jo over kvifor Coop bare har 40% avslag på slike varer medan andre har 50%, men det er ei anna sak som eg skal la ligge her.

Medan eg var i butikken, var det fleire framfor meg i køen og då dei vart spurde om dei ville ha kvitteringa, svarte dei nei. Men eg svarer alltid ja på eit slikt spørsmål, då kan eg så på lappen etterpå og sjå kor mykje varene kostar, ikkje alt er tydeleg prisa i butikken, særleg når det gjeld varer som er prisa pr. kilo, kan det vere lurt å finne ut kor mykje ein kjøper til dømes av frukt.

Denne gongen kom eg heim og såg på kvitteringa og måtte til mi overrasking sjå at varene eg hadde trudd var prisa ned, dei hadde eg betalt full pris for, sjølv om det stod tydelege lappar på dei. Til saman skulle eg betalt om lag 90 kroner mindre.

Då tok eg teilefonen og manna meg opp til ein prat med butikken. Eg fekk ho eg haddehandla med i kassen og ho la seg flat, så flat at sinnet mitt strauk av meg. Så var det å ta turen tilbake til butikken og sjekke ut varene på nytt. Då var det Reidun som fekk høyre orsakingane, ho kunne ikkje forstå kor ho hadde vore som ikkje hadde sett den røde lappen på fire produkt.

Eg tenkjer at ho kanskje framleis i tankane var oppteken med andre ting enn å ekspedere, så å sende varene framom kodelesaren gjekk automatisk. Når strekkoden ikkje hadde info om -40%, så tok den full pris. Då er systemet betre på Joker i Valle, dei øydelegg strekkoden, då må jobben gjerast manuelt.

Maten var like god, no er helga over, alt er spist, i alle fall nesten. Så får vi håpe på ny handel i butikken utan uhell i komande veke.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *