Langt møte

Share

Kveldens sending i Valle Radio var overføring av møte i Valle kommunestyre. Samanlikna med det eg har høyrt tidlegare, var dette eit langt møte. Det skuldast nok at det var tre orienteringar før sakshandsaminga starta. Dei hadde til og med kaffepause også før dei tok til på sakene.

Eg fekk ikkje med meg alt, eit par telefonar kom mellom, men eg skjøna at dei hadde orientering om krypsivprosjektet, Valle sparebank og Valle i tal. Det siste var ved teknisk sjef og medlemmene skulle visst få eit dokument også.

Deretter kom sakene, og då gjekk det fortare. Eg trur alle vart vedtekne i samsvar med administrasjonen si innstilling, men i saka om Ny brannsatsjon vart Senterpartiet og Venstre i mindretal. Fleirtalet gjekk inn for å kjøpe bygget som har brannstasjoen i dag.

Det er flott å kunne fylgje med i kommunestyret på radio. I førespurnader kom mellom anna spørmål om kva tid ein kunne rekne å få amfi i Storstoga, det er elleve år sidan det vart vedteke. To andre spørsmål handla om at kommunen har mange gamle hus, nokre burde rivast, andre kunne ein kanskje finne ny bruk for.  Her var svaret at Menighetshuset skal rivast, det same gjeld huset ved Tosong, men kva ein skulle gjere med andre hus, var ikkje klart.

 

Oppgradering

Share

I dag vart den lenge varsla oppgraderinga av Setesdalswiki og diverse andre ting på serveren til Helge gjennomført. Så langt eg har fått med meg, gjekk det rimeleg problemfritt, så no har vi programvare som er meir oppdatert på Setesdalswiki.

Du ser det best på karta våre, dei har fått ny form. Elles er det mindre endringar i korleis Setesdalswiki ser ut. Innhaldet er det same.

Sjølv kunne eg trenge ei oppgradering, i alle fall av ryggen min. I går kom nabo Hans, han er lege, innom. Trøysta var at skiveprolaps oftast går over etter sju-åtte veker, no er det snart gått sju veker sidan eg fekk min smell. Men både eg og kona eg fekk ei oppgradering av influensavaksinen, så vi skal vel ikkje klage.

I morgon er det måndag og det er varsla snøfall heilt ut til kysten før det til onsdag skal vere ti varmegrader att. Då burde bilen stå i morgon og tysdag. Får håpe at det ikkje trengst oppgradering for folk som er ute og kjører om det skulle bli glatt. God natt!

Bokslepp i kulturveka

Share

Neste veke er det kulturveka i Valle 2018. I kveld var Gunnar Stubseid med i Valle Radio og fortalde om boka han har skrive og som kjem ut på Bokbyen forlag: Legendariske hardingfeler. Undertittelen er Femti feler 1750 – 1950.  Det er eit prosjekt han har halde på med i fire-fem år. Han har samarbeidd med Hallvard T. Bjørgum, skrivearbeidet har visst vore på Sylvartun. Der skal også boka lanserast.

Her er omtalen av boka:

Legendariske hardingfeler tek føre seg femti feler daterte i tidsrommet 1750 til 1950. Dette er feler som skil seg ut frå dei mange tusen hardingfelene som er bygde i denne perioden, anten på grunn av framifrå handverk, tone, form eller utsmykking. Mange av desse instrumenta har også eiinteressant historie knytt til seg. Denne forteljetradisjonen lever framleis blant spelemenn og folkemusikkinteresserte. Nokre av instrumenta er også blitt modell og eit ideal for seinare felemakarar. I tillegg til at desse instrumenta er blitt «klassiske» innan hardingfeletradisjonen, er mange av instrumenta også knytte til våre mest kjende spelmenn. Dette er naturleg, ettersom dei beste spelemennene også vil ha dei beste instrumenta. Felene blir presenterte med eit omfattande biletmateriale. Dette er viktig instrument- og kulturhistorie, samstundes som forlaget ynskjer å presentere ei praktbok som syner den rike handverkstradisjonen som hardingfela representerer. Gunnar Stubseid (1948) er frå Bygland i Setesdal. Han er utdanna musikklærar og har magistergrad i etnologi frå Universitetet i Bergen. Han er spelemann og har gitt ut eit titals plater og skriva fleire bøker om folkemusikk, m a den kritikarroste biografien om Sigbjørn Bernhoft Osa (2003). Han var tilsett som rektor ved Ole Bull Akademiet frå 2003 til 2012, og starta i denne perioden opp eit utdanningstilbod i bygging av hardingfeler.

 

Onsdagssending

Share

I kveld var det ikkje tysdagssending i Valle Radio. Det var heller ikkje annonse i Setesdølen, av ein eller annan grunn. Men i morgon blir det sending. Ørnulf Hasla skal vere programleiar og Torfinn Brokke skal vere teknikar.

Her er programmet for onsdag 24. oktober 2018:

19.00 Tankar frå Bibelen ved Håvard Viki

19.30 Kommunen informerer ved Aud Kjersti Torbjørnsen

20.00 Aktuell time

21.00 Temasending ved Sigrid Kjetilsdotter Jore og Sondre Rua Dokken.

Høyr Valle radio på FM i Setesdal og på www.valleradio.com

Triveleg kveld

Share

Eg fekk med meg slutten av sendinga i Valle Radio i kveld. Det var Kåre og Jorunn som hadde Opi sending med rebusar. Før dette var programmet slik:

Øyvind Jacob er ansvarleg for kveldens sending og har med seg desse:
Teknikar Liv Gunn Viki
Telefonvakt Ingeborg Åkre Løyland
19.00 Tankar frå Bibelen med Torleif Harstad
19.30 Kommunen informerer med Torunn Charlotte Nyberg, leiar kultur og fritid
20.00 Øyvind sin time: Magnus Lagabøtes landslov-og kva så?
Samt: vi spelar musikk av Bob Dylan
21.00 Opi sending med Jorunn Lund Harstad og Kåre Rike

Jorunn lagar rebusar ut frå tema som er aktuelle, i kveld hadde ho både Innsamling og Hans Inge Fagervik mellom andre. eg prøvde å ringe, men kom ikkje i studio i kveld, det tyder på at det var ein viss respons frå lyttarar, og det er viktig, for utan respons blir det tungt å sitje i studio.

På Facebook blir sidene oppdaterte med vinnarane på rebusløysingane, og det er hyggeleg at dei fleste som kjem gjennom, kan få ein premie som takk. I kveld vann desse:

Kristian Thaule: Joker 200,- Siri Johannessen: Coop 250,- Torhild Lunden; glas, Gyro Kopperud: flaxlodd, Kjellaug Rysstad: Valle Radio krus
Gratulerer og takk for i kveld

Konge i eige liv

Share

I kveldens sending i Valle Radio fekk vi eit gjenhøyr med foredraget Ingvar Wilhelmsen heldt då han var i Valle for nokre år sidan. Slike gode foredrag er flotte å ha i arkivet og kunne sende som reprise.

Wilhelmsen avslutta med ei historie han hadde fanga opp på TV. Det er mange ting ein kunne fange opp frå skjermen, men det er få som klarer å gjere det. I dette tilfellet handla det om å lære fransk, noko kongen syntest var vanskeleg. For open mikrofon opplevde sjåarane ein disputt mellom han og dronninga, som meinte at det var lett.

-No er eg for gammal, sa kongen, som då var om lag 60 år.

-Du er aldri for gammal, sa Sonja

-Då ventar eg litt til, konkluderte Harald.

Dei som høyrde Wilhelmsen, gjekk rikare heim enn då dei kom, han snakka på utpust og innpust og hadde mange slåande perspektiv som når han sa dei, verka så opplagde. Folk fylgde med, latteren kunne vi høyre fleire gonger i programmet.

Men så går tida og hukommelsen gjer at stoffet bleiknar. Difor var det flott med ei slik oppfrisking som den vi fekk i kveld.

Gjennom åra har det blitt eit rikhaldig arkiv i Valle radio og noko kunne sikkert sendast i reprise til glede for nye lyttarar og til positivt gjenhøyr for gamle.

Det er godt å sleppe å vere konge i Norge. I desse dagar er han i Kina med ein stor delegasjon i følgjet sitt.

Men det er viktig å vere konge i eige liv.

Organistar til minne

Share

I morgon vil Niklos K. Besteland ha eit program i Postludium i Valle Radio til minne om to organistar, danske Grethe Krogh og nederlandske Piet Kee. Begge døydde i vår og hadde lang teneste bak seg som organistar.

Her er programmet:

  1. Svend-Ove Møller (1903-1948): Pensée Toccata, opus 8. Grethe Krogh på orgelet i København domkirke
  2.  Nicolaus Brunhs (1665-1697): Preludium og fuge i e-moll. Piet Kee på orgelet i Roskilde domkirke
  3.  Svend-Ove Møller (1903-1948): Orgelfantasi nr. 3, opus 36. Grethe Krogh på orgelet i København domkirke

Grethe Krogh har spelt inn alle orgelverk av Svend-Ove Møller. Du kan lese meir om henne på dansk Wikipedia, der det også er lenke til Møller  https://da.wikipedia.org/wiki/Grethe_Krogh

Skal du lese om Piet Kee, må du til engelsk eller nederlandsk wikipedia. https://en.wikipedia.org/wiki/Piet_Kee

Nytt hundretal

Share

I kveld runda Setesdalswiki eit nytt hundretal. No er det 89 800  artiklar på nettstaden. Det var SiriJ som skreiv artikkelen, den var teksten til programmet Norske bryllupsmarsjer som ho hadde i Valle Radio 2. oktober 2018.

SiriJ la denne gongen ut tre tekstar frå program ho har hatt i radioen. Slik aukar ho informasjonen i programma og gjev lyttarar høve til å få med seg teksten som bind saman musikken. Av og til har vi også artiklar som ein kan lenke til, då vert informasjonen endå betre. Diverre har vi ikkje kapasitet til å skrive om alt vi kunne skrive. Den siste tida har eg vore ute av wiki-skriving, ryggen min har ikkje vore samarbeidsvillig.

Her er lenker til dei tre artiklane SiriJ skreiv:

N    18:29 Norske bryllupsmarsjer‎ (diff | hist. . (+11 317)‎ . . Siri J (diskusjon | bidrag | blokker)
N    16:22 Songtimen 20181002‎ (diff | hist. . (+9 281)‎ . . Siri J (diskusjon | bidrag | blokker) (Ny side: »’Songtimen»» var et av programpunktene i tirsdagssendingen i Valle Radio 2. oktober 2018, og Siri Johannessen stod for musikken som ble k…)
N    14:27 Siris frustrasjon‎ (diff | hist. . (+4 206)‎ . . Siri J (diskusjon | bidrag | blokker) (Ny side: »»Siris frustrasjon»» var en del av «Kvarteret» i tirsdagssendingen i Valle Radio 2. oktober 2018Siri Johannessen skrev og ten…)

Interessant

Share

Kveldens sending i Valle Radio var eg ansvarleg for utan å vere i Valle. I staden sat eg i stova i Mandal. Men eg hadde planlagt kvelden og Ørnulf Hasla var teknikar. Litt før klokka 19.30 ringte han meg opp og fortalde at Torleif Homme var i studio og klar for Kommunen informerer.

Han hadde sett opp dette programmet:

 – Status på Sæbyggjen

–  Status på soknehuset

–  Nye brøytekontrakter/entreprenører frå og med sesongen 2018/19. Samarbeid kommunen/vegvesen om brøyteoppdraga

–    Status på RV 9 utbygginga

–  Status for utviding av bustadområdet i Leite – «Leite sør»

Vi kom gjennom alle emna, utan musikk.

Deretter var det aktuell time. Her hadde eg sett opp dette programmet:

Her var vi altå innom alle kommunane i Setesdal: Hornnes, Bykle, Bygland og Valle. Sjølv opplevde eg det som interessante samtalar. Kva andre lyttarar opplevde, kan eg ikkje vite, men det var interessant at det gjekk å få til ei slik sending, etter det eg føler, var det ingen tekniske problem.

Om veghistorie

Share

I kveldens sending i Valle radio hadde Siri Johannessen besøk av Leonhard Jansen. I haust kjem han med boka Frå postveg til riksveg. Den kjem ut på Bokbyen forlag og fortel historia om utviklinga av det vi i dag kjenner som Riksveg 9.

Sjølv om det er fleire bøker om vegen, har dei litt ulik vinkling. Reidar Tveito si bok var vinkla på bruer, så når Leonhard kjem til ei bru, viser han til Reidar si bok, fortalde han i sendinga. Hans bok er meir vinkla på den store utviklinga som har vore i veghistoria på denne strekningen. Der ein før brukte tre veker på ein bytur, brukar ein no tre timar.

Her er omtalen frå forlaget:

Harald Tallaksen, Leonhard Jansen, Olav Røysland, Pål Arnfinn Haugen
Frå postveg til riksveg – vegar og vegminne langs riksveg 9

I november 1844 kom Ivar Aasen til Valle. Han hadde gått dei mange milene like frå Kristiansand. Skysspengar var ei unødvendig utgift, og i rapporten frå turen fortel han at arbeidet med den nye vegen hadde kome så langt at den var greitt framkomeleg.

Ved den nybygde Valle kyrkje var det stopp. Aasen var forresten med på vigslingsfesten av kyrkja den 1. desember.

Det var ein revolusjon. Ei omvelting dalen aldri før hadde opplevd maken til. Ting ein før berre hadde høyrt om, eller kanskje sett når ein var på bytur, var no mogleg å frakte med seg. Ein jernplog var ei av nyvinningane som kom til dalen i 1840-åra.

I dag snakkar vi om gul stripe frå Kristiansand til Telemark grense. Stripa er kanskje symbolsk, men i praksis betyr det at alle som hovudregel kan køyre den lange vegen utan å take vegskuldra i bruk når breie køyretøy møtest. Det kjennest trygt, og det gjev mogelegheit til å kome raskt fram.

Ein tur frå Hovden til Kristiansand og tilbake for 175 år sidan kunne godt take tre veker. I dag treng vi tre timar kvar veg.

Med denne boka inviterer vi lesaren med på ei reise langs den gamle Postvegen. Kart og eit rikhaldig utval av historiske foto gjer det mogeleg å følgje den utviklinga som har vore fram til dagens riksveg 9.

Boka kostar 349 kroner og det blir bokslepp på Setesdalsmuseet 30. oktober.