Bokslepp i kulturveka

Share

Neste veke er det kulturveka i Valle 2018. I kveld var Gunnar Stubseid med i Valle Radio og fortalde om boka han har skrive og som kjem ut på Bokbyen forlag: Legendariske hardingfeler. Undertittelen er Femti feler 1750 – 1950.  Det er eit prosjekt han har halde på med i fire-fem år. Han har samarbeidd med Hallvard T. Bjørgum, skrivearbeidet har visst vore på Sylvartun. Der skal også boka lanserast.

Her er omtalen av boka:

Legendariske hardingfeler tek føre seg femti feler daterte i tidsrommet 1750 til 1950. Dette er feler som skil seg ut frå dei mange tusen hardingfelene som er bygde i denne perioden, anten på grunn av framifrå handverk, tone, form eller utsmykking. Mange av desse instrumenta har også eiinteressant historie knytt til seg. Denne forteljetradisjonen lever framleis blant spelemenn og folkemusikkinteresserte. Nokre av instrumenta er også blitt modell og eit ideal for seinare felemakarar. I tillegg til at desse instrumenta er blitt «klassiske» innan hardingfeletradisjonen, er mange av instrumenta også knytte til våre mest kjende spelmenn. Dette er naturleg, ettersom dei beste spelemennene også vil ha dei beste instrumenta. Felene blir presenterte med eit omfattande biletmateriale. Dette er viktig instrument- og kulturhistorie, samstundes som forlaget ynskjer å presentere ei praktbok som syner den rike handverkstradisjonen som hardingfela representerer. Gunnar Stubseid (1948) er frå Bygland i Setesdal. Han er utdanna musikklærar og har magistergrad i etnologi frå Universitetet i Bergen. Han er spelemann og har gitt ut eit titals plater og skriva fleire bøker om folkemusikk, m a den kritikarroste biografien om Sigbjørn Bernhoft Osa (2003). Han var tilsett som rektor ved Ole Bull Akademiet frå 2003 til 2012, og starta i denne perioden opp eit utdanningstilbod i bygging av hardingfeler.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *