Konge i eige liv

Share

I kveldens sending i Valle Radio fekk vi eit gjenhøyr med foredraget Ingvar Wilhelmsen heldt då han var i Valle for nokre år sidan. Slike gode foredrag er flotte å ha i arkivet og kunne sende som reprise.

Wilhelmsen avslutta med ei historie han hadde fanga opp på TV. Det er mange ting ein kunne fange opp frå skjermen, men det er få som klarer å gjere det. I dette tilfellet handla det om å lære fransk, noko kongen syntest var vanskeleg. For open mikrofon opplevde sjåarane ein disputt mellom han og dronninga, som meinte at det var lett.

-No er eg for gammal, sa kongen, som då var om lag 60 år.

-Du er aldri for gammal, sa Sonja

-Då ventar eg litt til, konkluderte Harald.

Dei som høyrde Wilhelmsen, gjekk rikare heim enn då dei kom, han snakka på utpust og innpust og hadde mange slåande perspektiv som når han sa dei, verka så opplagde. Folk fylgde med, latteren kunne vi høyre fleire gonger i programmet.

Men så går tida og hukommelsen gjer at stoffet bleiknar. Difor var det flott med ei slik oppfrisking som den vi fekk i kveld.

Gjennom åra har det blitt eit rikhaldig arkiv i Valle radio og noko kunne sikkert sendast i reprise til glede for nye lyttarar og til positivt gjenhøyr for gamle.

Det er godt å sleppe å vere konge i Norge. I desse dagar er han i Kina med ein stor delegasjon i følgjet sitt.

Men det er viktig å vere konge i eige liv.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *