Langt møte

Share

Kveldens sending i Valle Radio var overføring av møte i Valle kommunestyre. Samanlikna med det eg har høyrt tidlegare, var dette eit langt møte. Det skuldast nok at det var tre orienteringar før sakshandsaminga starta. Dei hadde til og med kaffepause også før dei tok til på sakene.

Eg fekk ikkje med meg alt, eit par telefonar kom mellom, men eg skjøna at dei hadde orientering om krypsivprosjektet, Valle sparebank og Valle i tal. Det siste var ved teknisk sjef og medlemmene skulle visst få eit dokument også.

Deretter kom sakene, og då gjekk det fortare. Eg trur alle vart vedtekne i samsvar med administrasjonen si innstilling, men i saka om Ny brannsatsjon vart Senterpartiet og Venstre i mindretal. Fleirtalet gjekk inn for å kjøpe bygget som har brannstasjoen i dag.

Det er flott å kunne fylgje med i kommunestyret på radio. I førespurnader kom mellom anna spørmål om kva tid ein kunne rekne å få amfi i Storstoga, det er elleve år sidan det vart vedteke. To andre spørsmål handla om at kommunen har mange gamle hus, nokre burde rivast, andre kunne ein kanskje finne ny bruk for.  Her var svaret at Menighetshuset skal rivast, det same gjeld huset ved Tosong, men kva ein skulle gjere med andre hus, var ikkje klart.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *