Om veghistorie

Share

I kveldens sending i Valle radio hadde Siri Johannessen besøk av Leonhard Jansen. I haust kjem han med boka Frå postveg til riksveg. Den kjem ut på Bokbyen forlag og fortel historia om utviklinga av det vi i dag kjenner som Riksveg 9.

Sjølv om det er fleire bøker om vegen, har dei litt ulik vinkling. Reidar Tveito si bok var vinkla på bruer, så når Leonhard kjem til ei bru, viser han til Reidar si bok, fortalde han i sendinga. Hans bok er meir vinkla på den store utviklinga som har vore i veghistoria på denne strekningen. Der ein før brukte tre veker på ein bytur, brukar ein no tre timar.

Her er omtalen frå forlaget:

Harald Tallaksen, Leonhard Jansen, Olav Røysland, Pål Arnfinn Haugen
Frå postveg til riksveg – vegar og vegminne langs riksveg 9

I november 1844 kom Ivar Aasen til Valle. Han hadde gått dei mange milene like frå Kristiansand. Skysspengar var ei unødvendig utgift, og i rapporten frå turen fortel han at arbeidet med den nye vegen hadde kome så langt at den var greitt framkomeleg.

Ved den nybygde Valle kyrkje var det stopp. Aasen var forresten med på vigslingsfesten av kyrkja den 1. desember.

Det var ein revolusjon. Ei omvelting dalen aldri før hadde opplevd maken til. Ting ein før berre hadde høyrt om, eller kanskje sett når ein var på bytur, var no mogleg å frakte med seg. Ein jernplog var ei av nyvinningane som kom til dalen i 1840-åra.

I dag snakkar vi om gul stripe frå Kristiansand til Telemark grense. Stripa er kanskje symbolsk, men i praksis betyr det at alle som hovudregel kan køyre den lange vegen utan å take vegskuldra i bruk når breie køyretøy møtest. Det kjennest trygt, og det gjev mogelegheit til å kome raskt fram.

Ein tur frå Hovden til Kristiansand og tilbake for 175 år sidan kunne godt take tre veker. I dag treng vi tre timar kvar veg.

Med denne boka inviterer vi lesaren med på ei reise langs den gamle Postvegen. Kart og eit rikhaldig utval av historiske foto gjer det mogeleg å følgje den utviklinga som har vore fram til dagens riksveg 9.

Boka kostar 349 kroner og det blir bokslepp på Setesdalsmuseet 30. oktober. 

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *