Oppgradering

Share

I dag vart den lenge varsla oppgraderinga av Setesdalswiki og diverse andre ting på serveren til Helge gjennomført. Så langt eg har fått med meg, gjekk det rimeleg problemfritt, så no har vi programvare som er meir oppdatert på Setesdalswiki.

Du ser det best på karta våre, dei har fått ny form. Elles er det mindre endringar i korleis Setesdalswiki ser ut. Innhaldet er det same.

Sjølv kunne eg trenge ei oppgradering, i alle fall av ryggen min. I går kom nabo Hans, han er lege, innom. Trøysta var at skiveprolaps oftast går over etter sju-åtte veker, no er det snart gått sju veker sidan eg fekk min smell. Men både eg og kona eg fekk ei oppgradering av influensavaksinen, så vi skal vel ikkje klage.

I morgon er det måndag og det er varsla snøfall heilt ut til kysten før det til onsdag skal vere ti varmegrader att. Då burde bilen stå i morgon og tysdag. Får håpe at det ikkje trengst oppgradering for folk som er ute og kjører om det skulle bli glatt. God natt!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *