Digital Setesdølen

Share

Frå 1.desember 2018 blir Setesdølen digital. Det kunne vi lese om i torsdagsavisa, der Sigurd Haugsjerd presenterer dette. At det var på høg tid, kan ein vere enig med han i, men det endrar jo noko for Setesdalswiki, for no er det ikkje lenger særleg nyttig å ha overskriftene i avisa der.

Tanken til avisa er at saker skal leggjast ut på nettavisa, ikkje bare saker som er i papiravisa, men også andre saker. Dermed håpar dei å bli den best besøkte nettsida i Setesdal innan kort tid og slik vil bli attraktiv for annonsørar også.

Eg tenkjer at vi får skrive inn overskriftene i Setesdølen ut året, men deretter avsluttar vi det prosjektet og må finne andre former for å lage lenker til artiklane våre, Det er flott at Setesdølen blir digital, den utviklinga kan ein ikkje stoppe. Så får vi finne nye former for Setesdalswiki, framleis vil nok mykje av informasjonen vår kome frå avisa, for den er den mest aktuelle kjelda til stoff frå Setesdal.

I går hadde avisa to artiklar om politiske lister, dei blir nok å finne andre stader, men avisa publiserte dei først og slik vil det jo vere. Så får vi finne måtar å omforme nyhetsstoff til leksikonstoff på etter kvart. Men vi vil jo halde fram med vår oversikt over aktuell hendingar i dalen.

Politiske lister

Share

Neste år er det kommuneval. Det betyr at i desse dagar arbeider dei politiske partia med listene til valet, og i dagens Setesdølen var det to lister. Setesdalswiki har hatt som mål å ha med listene i leksikonet, helst også med biografiar om dei som står på listene.

Eg sende ein mail til kontaktpersonar for AP og Venstre sine lister og fekk dei tilsendt, så då slapp eg å taste sjølv, og det er jo ein fordel, for då blir det som regel temmeleg rett.

Det synte seg at eg hadde artiklar om alle på AP si liste ved forrige val, men denne gongen var det mange nye. Dermed er det ei oppgåve å få på plass slike biografiar, dei får kome med tid og stunder både for dette partiet og dei som måtte kome etter kvart.

Samstundes er det ei utfordring å lage gode lenker slik at den som vil sjå kven som stod på lista forrige gong og vil samanlikne, kan få det til. Her får vi også ta tida til hjelp. Ein kan jo også sjåpå lenka i venstremargen som heiter Lenker hit om det er noko der.

Vonleg vil den informasjonen vere nyttig for den som vil halde seg oppdatert på kven som skal styre og stelle i Setesdal dei komande åra.

Sjakk

Share

I kveld fekk vi ein verdsmeister i sjakk. Magnus Carlsen slo Fabiano Caruana i hurtigsjakk etter å ha spelt 12 parti langsjakk som alle enda med remis. Men i kveld skulle det avgjerast og NRK hadde sett av heile kvelden til å fylgje med. I staden vart dei ferdige alt under Dagsrevyen, då hadde Magnus vunne tre av fire parti hurtigsjakk.

Det har vore god underhaldning på tv, folka i studio har god greie på sjakk og gjer det lett forståeleg for sjåarane. Av og til har Magnus teke trekk som eg har tenkt har vore fornuftige, då har eg tenkt at eg forstår litt av det han held på med, eg også.

I Valle spelte dei sjakk i ungdomsklubben for mange år sidan, då den var i det gamle Heradshuset. Seinare kom vaksenopplæringa inn der, og i mange år underviste eg i sjakkromet til ungdomsklubben. Dei hadde måla sjakkbrukker på veggen, men vi vart ikkje inspirerte til å spele i den tida eg underviste der.

Ettersom det altså var sjakk på tv som fanga meg i kveld, fekk møtet i Valle kommunestyre ein lyttar mindre. Resultatet av kommunestyremøtet finn vi nok i protokollen i morgon. Den er nok ikkje på langt nær så engasjerande som kveldens sending på tv. Men vedtaka kan bety mykje for dei som er omfatta av det som vart gjort vedtak om i kommunestyret i kveld, mellom anna når det gjeld tilskot til bønder for dyrking og bygging.

Interessant kveld

Share

Kveldens sending i Valle Radio såg eg fram til då eg fekk sjå programmet og fann ut at Siri skulle snakke med Stig Wernø Holter. Han er professor på Grieg-akademiet i Bergen og står bak arbeidet med Nytt norsk salmeleksikon. Det er no fullført, kunne han fortelje, det vart fire bind og nesten 3000 sider. Dei tre første binda tek for seg alle salmene som er felles for dei to siste salmebøkene, medan det sist har med dei som bare finst i Norsk salmebok 2013.

For ein som er over middels interessert i salmesang, det har sikkert dei som har høyrt programma mine i Valle Radio i 20 år oppdaga for lenge sidan, vart det ein interessant samtale som gav perspektiv på salmebok og salmesang. Tidlegare i dag leita eg fram Salmeboka minutt for minutt og spelte nokre episodar for å kome i rett stemning.

Eg fekk ei salmebok i gåve frå Hylestad kyrkjelyd då dei jubilerte for nokre år sidan. I dag vart eg betre kjent med den, mellom anna fekk eg vite at det er salmer på 17 språk i salmeboka og 15 på kvart av dei samiske språka og kvensk. Det visste eg ikkje. Vi fekk høyre Mari Boine si tolkning av Mitt hjerte alltid vanker, men også ein nydeleg versjon av den tyske adventssalma Die Nacht ist vorgedrungen, omsett til nynorsk av Bjarne Nordheim: Det langt på natt mun vera. Stig Wernø Holter meinte den burde blitt brukt meir, og då eg høyrde den med orgel og kyrkjelyd, er eg enig, det var ei flott salme med ein spesiell dåm.

I programmet fekk vi også vite at kyrkjemusikarutdanninga i Bergen er lagt ned, det vart for få studentar. No er det bare slik utdanning i Oslo, Trondheim og Tromsø.

Det spørs om eg tør å ønske meg ei så dyr jolegåve, men den hadde vore kjekk å ha, sjølv om eg ikkje lenger lagar salmeprogram i Valle Radio.

 

Wachet auf

Share

I Postludium i morgon kveld i Valle Radio har Niklos K. Besteland funne fram salma Wachet auf, på norsk Sions vekter hever røsten. Den er frå 1599, skriven av  Philipp Nicolai. Mange komponistar har nytta melodien som grunnlag for komposisjonar. Her er programmet for Postlusium 27. november 2018:

1. Michael Pratorius (1571-1621): Wachet auf. Koralkonsert. Hassler Consort, dirigent Frans Raml
2. Johann Sebastian Bach (1685-1750): Wachet auf. Orgelkoral, BWV 645. Organist Stanislas Deriemaeker. Vår Frue-katedralen i Antwerpen
3. Sigfrid arg-Elert (1877-1933): Wachet auf, opus 65, nr. 39. Organist Wolfgang Stockmeier. Wallfahrtskirche Rulle ved Osnabrück
4. Harald Gullichsen (1946-): Sions vekter hever røsten. Komponisten spelar i Skien kyrkje

Programmet kan du høyre live på http://valleradio.com/ tysdag 27. november 2018 klokka 20.30

God hjelp

Share

I  gamle dagar, det vil nok seie på 1950- og 60-talet, var det langt meir vanleg at avisene hadde minneord om folk som døydde. Ein kunne til og med lese om gravferda for heilt vanlege folk.

I våre dagar må ein vere langt meir kjent for at media skal vere interessert i slikt stoff, sjølv om ein nok veit at det er mange som les det. Men det er dyrt å sende journalistar for å dekke stoffet og lokale folk skriv langt mindre i avisene no enn før.

Difor er det nyttig når folk set seg framom pc-en og skriv eit minneord om ein som har gått bort. I dag var det eit slikt stykke i Fædrelandsvennen. Det handla om Erik Eriksen i Åseral, mannen som var drivkrafta bak Ljosland fjellhage.

På Setesdalswiki hadde eg fått med informasjonen frå dødsannonsen, men minneordet fortalde om etableringa av hagen, så eg tok ein telefon til Per Ivar Åsen og spurde om å få legge det inn i den korte artikkelen eg hadde om han. Det var ja med ein gong, han sende teksten og la ved eit bilete som avisa ikkje hadde hatt plass til.

Dermed fekk eg ein utvida tekst, det er eg svært takksam for. Les gjerne teksten og klikk på lenkene for å finne ut meir.

https://www.setesdalswiki.no/wiki/Egil_Arne_Eriksen

 

Lutefisk

Share

I dag droppar eg å skrive om program i Valle Radio. Eg vil heller skrive om lutefisk, for det var dagens middag her på Eskeland.

Lutefisk lærte eg meg til å ete i vaksen alder. Heime på Ålgård hadde vi tørrfisk, den tok aldri av som favoritt for meg. Lutefisk med ertestuing, bacon, gode poteter, kan hende kvit saus, då har ein eit måltid som kan generere gode draumar i mange dagar både før og etter det er sett til livs.

Det blir sagt at ein må rekne eit halvt kilo fisk til kvar. Når ein er to personar, treng ein altså eit kilo, men så små pakkar er vanskeleg å finne i butikken. Difor blir det nok ein lutefiskmiddag til før jul.

Ut på kvelden toppa eg fiskemåltidet med ein kopp te og ei pannekake, men eigentleg trong eg ikkje meir mat i dag.

Om du ikkje har prøvd lutefisk, bør du unne deg eit slikt måltid, anten på ein restaurant eller heime, Ulikt alle andre fiskemåltid er det ei oppleving å ta med seg.

 

Nytt bibliotek

Share

I kveldens sending i Valle Radio var biblioteksjef Kjersti Torbjørnsen med. Det nye biblioteket i Sæbyggjen har gitt henne grunn til å smile frå øyre til øyre, for det syder av liv heile dagen, ein dag i veka er det babysang klokka 9.30 med Anna Slaby, torsdag har ho også sangstund, då klokka 12.

Folk som aldri var på det gamle biblioteket kjem innom, det har blitt mange fleire lånarar og heilt annan plass til å stille ut bøkene. Mange kjem innom for å slappe av med ein kopp kaffe og avisa, no får biblioteket Fædrelandsvennen fast, det er også planen å fornye abonnementet på Dag og Tid og Morgenbladet og kanskje fleire andre aviser.

Og så er det mange arrangment, i morgon er det dokketeater klokka 13, laurdag er det også teater, men då er det i Spelestoga, for då er det jolemesse i Sæbyggjen.

Og så er det laga eit eige rom for Paal-Helge Haugen. Der samlar ein alt han har gitt ut og stoff om han, så om ein ville skrive masteroppgåve om han, kunne ein studere i rommet der.

Det flotte huset syder av liv frå morgon til kveld. Til våren kjem blioteksjefar frå heile Agder for å sjå på bygget, som på langt nær er ferdig teke i bruk. Det manglar hyller, så alle bøkene er ikkje flytta frå det gamle biblioteket til det nye. Av og til må ho springe over til det gamle biblioteket for å hente bøker som er etterspurd.

Det blir altså travle dagar, men Kjersti Torbjørnsen har litt hjelp frå folk frå Setpro som treng arbeidstrening. Og smiler. Ho får ikkje lese så mykje som ho ville, når ho kjem heim og set seg til med ei bok, sovnar ho gjerne i stolen med smil om munnen.

Bjørn Vidar Ulvedalen

Share

I kveldens sending hadde Siri Johannessen fått med seg Bjørn Vidar Ulvedalen, organisten som satsar sterkt på at barn skal lære å spele orgel. Sjølv er han både utdanna organist og førskolelærar, så han har god kompetanse på å få barn med på notene. Han fortalde at han hadde hatt ein elev på piano, men då han fortalde at han skulle slutte å undervise i pianospel og starte med orgel, sa jenta på 11 år: -Jeg blir med.

Sjeldan har eg høyrt ein så innsiktsfull samtale i Valle Radio som i kveld. Ein heil time hadde dei saman og den vart brukt godt. Vi fekk høyre om korleis situasjonen for orgelkultur her i landet vert kamuflert ved at vi importerer utlendingar til jobbane, det er alt for få her i landet som lærer å spele orgel. Det er altså ikkje bare prestemangel i kyrkja.

Barn blir fascinerte av det store instrumentet og opplever det stort å kunne traktere det. I kveldens Postludium hadde så Siri funne fram musikk spelt av unge organistar. Det ga eit fint relieff til samtalen med Ulvedalen, som sjølv underviser 20 elevar i ulike situasjonar både i Vestfold og Oslo. Han har også gitt ut ein orgelskole i 7 bind som høver i opplæringa.

Om orgelmusikken i kyrkjene skulle stilne ville vi miste noko verdifullt. Difor er det eit svært viktig arbeid Bjrn Vidar Ulvedalen gjer, og fleire av hans elevar har sidan fått seg jobb som organistar.  Det er grunn til å ønske han til lukke med å føre arven vidare.

Samarbeid

Share

Til onsdag skal eg ha sending i Valle Radio. Eg likar å nytte min del av den sendinga til å drive journalistikk på aktuelle saker i Setesdal. Men eg må ta omsyn til at Siri Johannessen har sending tysdag og ho kjem også opp med aktuelle saker i Setesdal.

I dag kom det eit spørsmål frå henne om eg ville vere med i hennar sending. Då tenkte eg at vi fekk prate litt saman, eg hadde fått på plass to innslag til onsdagen, men mangla litt på å vere i mål.

Då vi hadde prata saman, hadde eg fått stoff til mi sending og ho fått stoff til si sending. Samarbeid er ein god ting, vi burde samarbeide meir om programma i Valle Radio, vi som likar å lage program.

Eg vart så inspirert at eg sende denne mailen til Setesdølen, det er ikkje så ofte vi lagar programinformasjon til avisa. Kan hende kjem det på trykk i morgon:

Litteraturkveld i Valle Radio

Onsdag blir det litteraturkveld i Valle Radio. Klokka 19.30 kjem biblioteksjef Kjersti Torbjørnsen for å snakke om korleis utviklinga har vore etter at biblioteket flytta til Sæbyggjen.

Når ho er ferdig, får vi eit innslag om barnefotball. Setesdalsmeisterskapen i barnefotball vart arrangert i Vallehalli laurdag, og Geir Daasvatn er svært entusiastisk.
Men så er det litteraturen som er i fokus att. Først får vi ein prat med Sigurd Haugsgjerd om at Setesdølen vil bli digital og ikkje lenger bare satse på papiravis. Deretter kjem tre aktuelle utgjevingar i Setesdal i fokus. Byglandskalenderen 2018, Vallekalenderen 2018 og Jol i Setesdal 2018. Her blir det innslag med Siri Johannessen, Lisbeth Dalquist Homme og Tarald Rike.
Her er Siri sitt program for tysdagskvelden:
Tysdag 20. november
Ansvarleg og teknikar: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret med Asbjørn Kvalbein
18.15 Over en åpen bibel med Leif Holthe (Norea)
18.30 Aktuell time med m.a. Petter Wiik om fjøsnissen som ordner opp, Harald Haugland om onsdagssendinga og litt meir, Harry Andersen om gospelsang i Bygland
19.30 Eit møte med Bjørn Vidar Ulvedalen
20.30 Postludium ved Siri Johannessen
21.00 Kyrkjebakken